MF «Fitjar» går i ruta Fjelberg — Sydnes - Utbjoa – Skjersholmane i Sunnhordland.

I kveld gjorde tekniske problemer at ferja byrja å drive rundt.

— Ferja har hatt motorproblem, men den er no kome til kai, seier Cecilie Øversveen ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Dreiv i over ein time

Hovudredningssentralen fekk inn melding om ferja med passasjerar om bord klokka 18.30.

— Kapteinen fekk kontakt med den nærmaste båten i området som kunne komme og hjelpe, seier Øversveen.

Oppdrettsbåt kunne hjelpe

Båten var ein lokal oppdrettsbåt som var i nærleiken. Båten kunne ikkje slepe ferja. Det kunne derimot slepebåten «Bob» som var i Ølen.

Klokka 19.45 var ferja slept til kai til Sundnes på Halsnøy.

Same i august

BT har fått kontakt med kapteinen på ferja, som viste vidare til Norleds vakttelefon.

— Ferja fekk motorproblem ca. ei nautisk mil frå kai. Det var roleg ver, og ingen dramatikk, seier pressevakt Lars Jacob Engelsen i Norled. Det var fem passasjerar og to bilar ombord då motorane stansa. Det er nå sett inn skyssbåt på ferjestrekninga, opplyser Engelsen.

Klokka 20.40 tysdag melder Norled at ferjedrifta på Fjelbergruta er i gang att.

.

Også i august hadde MF «Fitjar» tilsvararande problem. Den gong blei ferja drivande midtfjords i Hardangerfjorden i to timar før redninga kom.

Ferja er frå 1973.

Vanlegvis er det MF «Sveio» som har gått i trafikk på Fjeldbergruta, også den frå same epoke.

Pendlarar har tidlegare fortalt BT at dei er noko leie «gamle ferjer som går på grunn».

MELDT: Hovudredningssentralen fekk inn melding om ferja med passasjerar om bord klokka 18.30.
PER GUNNAR NORDBØ