Kaia vil tidlegast vere reparert om to dagar, melder Vegvesenet. Ferjekaien er på vestsida av sambandet Mannheller – Fodnes på riksveg 5 i Indre Sogn.

Med Manheller ute blir ferjeavgangane lagt til Kaupanger. Frekvensen på avgangane herfrå til Fodnes skal vere kvar heile og halve time, melder Sogn Avis.

Bakgrunnen for stenginga av Mannheller ferjekai skal vere såkalla "brekkasje" på ein av hydraulikksylindrane som hevar og senkar ferjelemmen.