Hardangeraksjonistane får ein kronglete veg til fjells etter dette.

Politiet har innført forbod mot å ferdast og opphalda seg innanfor ein radius på 150 meter frå mastepunkta på den omstridde kraftlina.

— Ikkje til å tru

Aksjonar skal meldast til politiet to dagar på førehand. Om politiet ikkje godtar staden for demonstrasjonen, skal politiet bestemma kor mastemotstandarane skal stå.

— Det er ikkje til å tru. No vil me undersøkja om det fins lovheimel for dette, seier nestleiar i Hardangeraksjonen, Anita Aalvik.

Reidun Sleire er bonde i Granvin og brukar fjellet mykje både sommar og vinter.— Stien opp til stølen går forbi mastepunkt, så eg må vel gå omvegar ut i bratthenga for å koma fram, seier ho.

Politiet kunngjorde dei nye reglane i forrige veke då ho demonstrerte saman med andre i Osafjellet

— Eg trudde ikkje eg høyrde rett og måtte be han lesa det fleire gonger, fortel Sleire.

Dei fekk beskjed om å halda seg vekke til lina er ferdigbygd, men ingen veit kor lang tid det vil ta, meiner Sleire. Skodde og demonstrasjonar skal ha seinka arbeidet i sommar.

- Eit overgrep

Sleire driv med sau og er mykje i fjellet.

— Me plukkar bær, sankar sau og brukar stølen.

I 2005 stod nye bygg ferdige på stølen. Same sommaren vart dei første stikkene sett i jorda tett opp i stølen for å visa kor kraftlina skulle koma.

— Sidan den gongen har eg kjempa mot kraftlina. Dette er eit overgrep mot oss som bur her og brukar fjellet, seier ho.

Forbodet mot ferdsle i fjellet langs linetraseen, ser ho som eit nytt overgrep.

— Ei venninne har støl innanfor forbodssona. Skal eg ikkje kunna besøkja henne?

Det lukkast ikkje bt.no å få kommentar frå lensmannen på Voss.

OVERRASKA: - Eg trudde ikkje eg høyrde rett, seier Reidun Sleire.
PRIVAT
LANGVARIG?: Ingen veit kor lang tid det vil ta før mastane er ferdigbygd, påpeiker Sleire.
ØIVIND RAKNES