Etter tur ligg dei langflate på magen med geværet godt plassert på to sandsekker framføre seg. Åtte av årets konfirmantar og like mange andre unge som kyrkja er i ferd med å gjera skytekunnige. Instruktør Thomas Garnes i Åsane jeger— og fiskeforening, som har gått på jakt med faren og onkelen sidan han var seks år, ligg ved sida av og gir råd.

Det handlar om å liggja i ein stødig stilling, ha eit godt grep om geværet, om å pusta roleg, sikta inn elgen på skiva hundre meter unna, ha fullt fokus og så pressa avtrekkjaren roleg bakover.

Slag i magen

PANG. Alle vi som står omkring får oss eit slag i magen av smellet. Dei av oss som ikkje er utstyrde med øyreklokker, må stikka fingrane i øyra før skotet går av. Den som ligg der nede og skyt må plassera siktet litt til sides for auga så ikkje rekylen resulterer i blåveis.

— Det gjorde ikkje vondt. Det gjekk faktisk betre enn eg hadde venta. Dette var gøy, seier Trude Haugsvær Verling, som til og med trefte der ho skulle. Ho kvidde seg til å skyta med jaktrifle, trudde det ville vera svært ubehageleg når skotet gjekk av.

— Det var verre å skyta med hagle og å klara treffa leirduene, seier ho. Skogen ved skytebanen er full av orange porselen, beviset på at nokon av jegerprøvedeltakarane må ha treft leirduene som blir skotne ut i lause lufta av elektroniske kastemaskiner.

Om våpen og ammunisjon

No veit Trude skilnaden på hagle, salonggevær og jaktrifle. Ho har lært kva våpen som høyrer til kva slags jakt, om dyra det blir jakta på, om ammunisjon og jaktreglar. Ho har bak seg fire teorikveldar i kyrkjekjellaren og denne skyteøvinga. Måndag er det eksamen. Så vil ho ut på jakt. Men ho må venta til ho blir 16 år før ho kan bera eige våpen på jakt.

Ingvild Myklebust Larsen gler seg til å vera med andre i familien på rypejakt. Jon Carlos Mjøs har vore med på elgjakt i Trysil som gav meirsmak. Eirik Knapskog har jakta på gås på Helgelandskysten i lag med faren. Også han er biten av jaktbasillen.

Kart og kompass

Tomhylsene ligg strødd på det blå teppet på standplass. Skyteøvinga er ferdig. No skal deltakarane læra å bruka kart og kompass.

Dette er andre året kyrkja i Eidsvåg tilbyr jegerprøvekurs til konfirmantar og andre interesserte.

— I fjor fekk eg ein del negative kommentarar. Ein spurde korleis vi kunne forsvara drap på uskuldige dyr. I år har vi ikkje høyrt noko, seier Njord Wegge som er prosjektleiar for trusopplæringa i Eidsvåg.

— Dette kurset er ikkje ein del av konfirmasjonsundervisninga. Det er eit av fleire friluftstilbod for ungdom i kyrkjelyden.

— Vi oppfordrar til meir friluftsliv. På denne måten når vi andre enn dei som syng i kor til dømes. Og vi vil gjerne rekruttera nye til kyrkjelyden vår. Det er mange måtar å driva trusopplæring på. Det kan like gjerne skje på ein krevjande topptur som på søndagsskulen, seier Wegge, som fortel at det har vore andakt også på jegerprøvekurset.

JAKTRIFLE: Christian Fredrik Vedeler får instruksjon av Thomas Garnes før sitt aller første avtrekk på jaktrifla. Han må venta til han er 16 år før han får lov til å beraeige våpen på jakt.
Silje Katrine Robinson
PANG!: Det gjer vondt i øyra og det smell i magen når skotet går av. F.v. konfirmantaneKrister Nilsen, Trude Haugsvær Verling, Ingvild Myklebust Larsen ogJon Carlos Mjøs.
Silje Katrine Robinson
BLINK: Ein rev, ein hjort og ein elg som vanlegvis rører på seg. I dag står skiva i ro og dermed blir det litt lettare å treffa blink.
Silje Katrine Robinson