— Assalam-u-aleikum! Fred vere med dykk!

Imam Mohammed Azeem står og helsar på folk flest med same ord som Barack Obama brukte i den berømte talen han heldt i Egypt i juni. I Jekteviken i september, utanfor moskeen, er det lagt ut teppe på den våte asfalten. Nokre menn kneler mot søraust.

Nokre smårollingar har alt begynt på brusen.

Fullt hus, fullt utanfor huset, full parkeringsplass, fullt fortau og snart full fest for muslimane i Bergen.

Jemen i Jekteviken Kvinner, menn, jenter og gutar – muslimar i alle aldrar var samla søndag for markere den store høgtidsdagen id. Id markerer slutten på fastemånaden ramadan.

— Ikkje ver redd, det er kultur, fleipar imamen og rekk handa fram til ein ung mann i kjortel med dolk i beltet.

Kulturen den unge mannen representerer, i tillegg til den muslimske, er jemenittisk. Fem seks andre unge menn, også dei væpna, sluttar seg til.

— Dette er sannsynlegvis heile den jemenittiske befolkninga i Bergen, seier Farres Said.

Føremiddag nærmar seg ettermiddag. Bønene blir avslutta inne i moskeen og utanfor. Snart er det klart. For den beste maten. Dei finaste gåvene. Dei vakraste kleda. Den beste festen. Festen etter fasta.

— No blir det dans! Dans frå Jemen!

35 nasjonalitetar

I to omgangar har folk kome til moskeen, ei pulje tidleg på morgonen, den neste nokre timar seinare.

— Moskeen er for liten. Men dette var det beste alternativet vi hadde. Vi har cirka tusen besøkande i dag, fortel Azeem fornøgd.

Dei representerer rundt 35 nasjonalitetar, kvar med sine skikkar og sine spesialitetar som no skal på bordet.

Teppet utanfor moskeen blir rulla saman. Sola gjer eit tappert forsøk på å tørke asfalten. Assalam-u-aleikum! Sigarettrøyk stig mot himmelen. Det er lett kaotiske og svært gemyttlege forhold ved parkeringsplassen.

— No skal vi heim til mor..., seier Noel Svendsen. Mor står ved sidan av dottera, begge er kledde i silke frå topp til tå.

To jenter i fargerike nasjonaldrakter frå Algerie ventar på mor og bestemor, utolmodig.

— ... så startar festen med kaffi og kaker – og gåver!