— No er alle signaturane på plass. Entreprenørselskapet Kruse-Smith skal gjera jobben. Eg har forstått det slik at dei går i gang så snart som råd. Det vil seia alt i neste veke, seier seksjonssjef Arild Hægrenes i Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Protestar

Dei to kilometrane med smal veg gjennom gardstun, med skarpe svingar og bakketoppar til fryd for ungar i baksetet, har vore ein flaskehals og ei plage for trafikken i alle år. Særleg for tungtrafikken.

Det har vore mykje att og fram om forskottering. Både Statoil og Hydro har vore inne i biletet. Protestar mot traséval frå grunneigarane har det og vore rikeleg av.

Arnvald Risøy, som var ordførar i Lindås rundt 1990, trudde det meste var på plass både når det galdt traséval og finansiering da han gjekk av som ordførar i 1994. Men der tok han feil.

Pengar frå næringslivet

— Det undrar meg at dette har teke så lang tid. Men eg konstaterer at forskottering framleis er ein del av finansieringsplanen, seier Risøy. Sjølv køyrer han dyretransport, og har rikeleg med røynsle frå stopp og start og rygging på vegen forbi Herland.

Det gjekk ikkje heilt glatt med finansieringa no heller. Kostnadsoverslaget på 120 millionar kroner sprakk då anboda kom på bordet. Prisen fauk opp til 145 millionar, men no er pengane funne. Rundt 70 millionar er forskottering frå næringslivet i Nordhordland, m.a. frå Frank Mohn, opplyser Arild Hægrenes.

Rettar ut tunnel

I tillegg til ny veg og ein ny tunnel, får Herlandstunnelen ny inngang på sørsida. Det betyr at den tunnelen vert retta ut, medan han i dag går i sving.

Neste år vil enda ein flaskehals på Lindås-vegane verte fjerna. Rett nord for Isdalstø skal det byggjast eit tverrsamband frå Rv. 57 over til Alverflaten på Rv. 565. Trafikken slepp då unna den bratte bakken som passerer tett i husveggen før han kjem ut i krysset på Isdal. Kostnaden her er rekna til 15-20 millionar kroner. Lindås kommune forskotterer halvparten, seier Arild Hægrenes.