Norges skiskytterforbund har teke ut Hordalandsløparane Thomas Fenne og Sondre Eide til junior-VM som går i Ruhpolding, Tyskland, 26.1.-2.2.

Begge to er 18 år og skal gå i ungdomsklassen. Thomas Fenne representerer Voss skiskyttarlag, medan Sondre Eide er frå Hålandsdal idrettslag. Dei to kompisane har hatt ein flott start på sesongen og gjorde det skarpt i det siste og viktige norgescupen på Sjusjøen i helga.

Sondre Eide leiar norgescupen i 19-årsklassen så langt medan Thomas Fenne følgjer hakk i hel på 2. plass. Siste året har dei trena med regionlaget Team Statkraft Hordaland med kyndig rettleiing frå stjernetrenarene Raphael Poiree, Egil Gjelland, Ann-Elen Skjelbreid og Liv Grete Skjelbreid Poirée. Ikkje rart at unggutane har fått eit løft i prestasjonane! Hordaland får altså fram nye løparar som kan føra dei stolte tradisjonane i fylket vidare.

Erik Vangsnes