• Tenk, her er det folk som slår ring om fengselet sitt og har praktiske løysingar, ikkje protestaksjonar for å fjerna det frå nabolaget.

Hadde ikkje statssekretær Rita Sletner i Justisdepartementet hatt streng beskjed om aldri å lova noko som helst, så ville nok ei brakkeavdeling med åtte opne soningsplassar stått klar til bruk ved Vik fengsel før sist helg.

Men den offentlege mølla mel ikkje så fort. Kriminalomsorga har lenge visst om utvidingspotensialet ved det vesle fengselet i Sognebygda, utan å gjera noko med det.

Nyleg fekk statssekretæren til justisminister Odd Einar Dørum første hands kunnskap om to tiltak som kan avhjelpa den veksande soningskøa i norske fengsel.

For ti millionar kroner kan den verneverdige fengselsbygninga utvidast og byggast om. 11 nye fangar kan få plass, i tillegg til dei 14 som no held til på 12 celler, med eitt toalett og to dusjar på deling. Sanitærtilhøva vert modernisert, og fengselet kan få tidhøveleg undervisningsrom.

For 70.000 kroner kan fire rom med inntil åtte plassar for open soning takast i bruk i brakka på fengselsområdet. For litt meir pengar kan fire rom til innreiast, og talet på opne soningsplassar aukast til 16.

— Sytti tusen er småpengar, ikkje meir enn vi kunne ha greidd det frå ei slunken kommunekasse, sa ordførar Erling Stadheim. Og statssekretæren var på nippet til å seia seg samd.

Ho fekk også med seg at Vik har tradisjon for å ta vel imot folk som kjem til bygda i eit så trasig ærend. Dei innsette får arbeid å korta tida med, meir gjevande enn pallespikring. Og ho fekk med seg deklamert Jakob Sande-dikt om «Vikjahuset» i farne tider, og sjølvsagt ein gamalost til ferdaniste. Ein lekker smakebit vart servert under gravlaksen og sennepsausen i forrett til kommunal arbeidslunsj på Hopstock Hotell.

Synfaring, orientering og matøkt gjekk raskt og effektivt unna i Vik.

— No får vi sjå kor effektive dei er inne i departementet, seier ordføraren til Bergens Tidende.

GALGENHUMOR: Statssekretær Rita Sletner i hælane på fengselsinspektør Terje Blomseth i Vik Fengsel. Bak henne fyljer lokale fengselsentusiastar.
FOTO: ARNE HOFSETH