— Det er ikkje problem å smugle inn narkotika, uansett kva tiltak fengselet set inn. Folk her har mykje dødtid til å planleggje, seier ein innsett i 40-åra, som ønskjer å vere anonym.

Bak fengselsmurane i region vest blei det gjort 186 beslag av narkotika i 2007, medan talet på Austlandet var 102. Det plasserer Vestlandet på narkotoppen i norske fengsel.

I vest testa 17 prosent av dei innsette positivt på rusmiddel under urinprøvekontroll. I region sør gjorde berre sju prosent det same, ifølgje tall frå Kriminalomsorgen.

Tester risikomiljø

Kriminalomsorgen konkluderer med at region vest har den største utfordringa med illegalt rusmisbruk i fengsla.

Men fengselsdirektøren i Bergen trur ikkje domfelte på Vestlandet rusar seg meir enn andre.

— Vi er veldig opptekne av ruskontroll, og tar mange prøver både for å avdekkje og førebyggje. Vi tester bevisst dei personane som er i faresona, og resultata blir deretter. Om vi ville ha ein meir positiv statistikk kunne vi gjort det motsette, seier direktør ved Bergen fengsel, Ketil Schreiner Evjen.

Leitar i toalett

På dei sju fengsla i vest blei det totalt utført over 5100 urinprøvar i fjor, langt meir enn i andre regionar. I vest testar ein kvar person i snitt fire gangar i året, medan landsgjennomsnitt er to.

— Vi tar atskilleg fleire prøvar enn andre regionar, og dei same personane blir kontrollert fleire gongar. Det kan vere ein motivasjon for å halde seg unna stoff, seier Jan Ove Kollanes, inspektør i Kriminalomsorgen region vest.

Det vanlegaste som blir beslaglagt er hasj, men Subutex, amfetamin og heroin er også på lista.

Fengselsdirektøren viser oss stader der narkotika ofte blir oppdaga. Vi er på ei sliten celle på sju kvadratmeter på lukka avdeling i Bergen Fengsel.

— Det er berre kreativiteten som set grenser, stoff blir funne overalt; i luftekanalar, lampar, under toalettringen, i madrass, klokke eller fjernkontroll.

— Kva reaksjon får dei som blir tatt?

— Det kan føre til tap av arbeidspengar eller overføring frå open til lukka avdeling. Dei får restriksjonar på besøk, og blir nekta permisjon, seier Evjen.

Nekta permisjon som straff

Desse reaksjonane meiner 40-åringen vi møter i luftegarden, er for strenge.

— Fengselet må ta ein del av skulda for at narkotikaen kjem inn. For dei som vil halde seg reine er det vanskeleg når tilgangen er der heile tida, seier den innsette, som er tidlegare rusmisbrukar.

I dag ville han ikkje tatt sjansen på å smugle stoff, i frykt for å spolere lauslatinga som nærmar seg.

— Eg har vore i fengsel i Stavangar, Trondheim og Ålesund, men det er strengare her. Sjølv om det er strengt, er det mange som debuterer på tøffare stoff enn dei er vant til ute, seier han.

Fengselsdirektøren vedgår at talet på beslag burde vore endå høgare, men seier det er eit ressursspørsmål.

— Vi prøver å hindre at narkotika kjem inn, men det er ein balansegang i forhold til kor lukka fengselet skal vere. Nektar ein innsette all kontakt med vener og familie, får det andre skadeverknader.

Nicolay Roarsønn Nicolaysen