Ikkje kunne han leggje fram eit einaste årsrekneskap. Ikkje kunne han gje opp kven andre som var med i organisasjonen. Ikkje kunne han dokumentere kva pengane vart brukt til.

Like fullt hevda den tiltalte sunnfjordingen i retten at dei 140.000 offentlege støttekronene til dei påståtte organisasjonane «Baltisk Club» og «Baltisk Ungdomsklubb» faktisk gjekk til dei aktuelle formåla.

Det festa altså ikkje tingretten særleg mykje lit til. No er dommen klar: 60 dagar i fengsel for bedrageri og dokumentfalsk.

Fiktive kvinner Ifølgje dommen sende mannen 28 elektroniske søknader til Landsrådet for Norske barne— og ungdomsorganisasjoner i perioden mai 2001 til oktober 2004, på vegne av Baltisk Club og Baltisk Ungdomsklubb der han var kasserar og ein av stiftarane. Det skriv Firda i dag.

Pengane - i alt 140.000 kroner - havna rett på kontoen til sunnfjordingen, ifølgje dommen.

Dommen omfattar også dokumentfalsk. Retten finn det nemleg bevist at mannen i staden for å bruke sitt eige namn, oppgav to fiktive kvinnenavn.

Domsfelte har allereie anka dommen til Gulating lagmannsrett.

Tidlegare har tiltalte samtykka i forliksrådet i å tilbakebetale heile summen. Men heile tida har han nekta seg skuldig i grovt bedrageri og dokumentfalsk.

Forsvararen hans, advokat Walter Høivik, la i retten vekt på at politiet har hatt fullt høve til å undersøke tiltaltes konto, utan å gjere dette.