Mannen er sikta for seksuell omgang med barn under 14 år, og for incest.

Bak lukka dører nekta mannen i fengslingsmøtet fredag all skuld.

— Dette er heilt forferdeleg for han. Han har fått vite at dotter hans kan vere utsett for seksuelle overgrep, og han blir sjølv skulda for å stå bak. Det gjer det heile dobbelt tungt for han, seier advokat Rolf Knudsen, som forsvarer mannen.

Skal i dommaravhøyr

Det var i samtaler med barnets mor at incesthistoria kom fram. Ho kontakta politiet, som onsdag valde å pågripe barnefaren. Det skal nå gjennomførast dommaravhøyr av jenta, og det var for å hindre at bevis kan bli øydelagt at mannen vart fengsla.

— Etterforskinga er i ein tidleg fase, seier politiadvokat Trond Høvik.

Også ein halvbror og ein onkel av jenta skal ha vorte henta av politiet. Høvik vil ikkje kommentere om fleire er sikta, men sa fredag at det ikkje var aktuelt med fleire varetektsfengslingar fredag.

Avgjerda frå tingretten om å fengsle mannen vil bli klaga inn for lagmannsretten av mannens forsvarar.