— Den største feilen eg har gjort i heile mitt liv, sa den eine av dei to til BT i går. Den fortvila 30-åringen var nettopp framstilt for varetektsfengsling, etter at han og ein 29 år gammal landsmann vart tatt med falske belgiske pass då dei prøvde å gå om bord på englandsbåten fredag formiddag.

Rettsmøtet enda med to veker bak lås og slå. Deretter ventar etter alt å dømme norsk rettssak og 60 dagars fengsel for dokumentfalsk og falsk forklaring.

Ifølge dei to var dei komne til Noreg som turistar - den eine frå Spania, der han bur og arbeider, den andre frå Romania med fly. I Oslo hadde dei fått tilbod om å kjøpe falske pass av ein mann på gata.

— Vi betalte 500 euro. Det var ein impulshandling, ein stor tabbe, sa 30-åringen til BT.

Som rumenarar kunne dei to reise fritt inni Noreg og alle andre Schengen-statar utan visum. England er ikkje med i Schengen-samarbeidet, og har vorte eit ynda mål for mange immigrantar frå fattige land utanfor EU.