Mannen må sitja i fire veker i varetekt på grunn av faren for bevisøydelegging, bestemte forhøyrsretten. 27-åringen, som går til behandling for alvorlege rusproblem, nektar for å ha gjort den ti år gamle jenta noko. Han har ikkje sett henne, er hans forklaring.

27-åringen kom i krangel om pengar med ein tidlegare kjærast utanfor Spar-butikken på Ådland seint torsdag ettermiddag. Han tok ein telefon frå veska hennar, noko som politiet ifølgje vitneutsegn oppfattar som ransforsøk.

Det andre ransforsøket gjorde 27-åringen seg like etterpå skuldig i overfor den tiårige jenta, meiner politiet. Han skal ha sparka barnet under kneet og slege med knyttneven mot haka hennar og bede om pengar. Han skal også ha søkt i lommene til jenta, som svært oppskaka kom seg fri og sprang heim.

27-åringen blei pågripen i 23-tida torsdag kveld. Den sikta mannen avvsier at han er skuldig i ran, han sa seg heller ikkje skuldig i andre siktingar som blei presentert for han i fengslingsmøtet i dag. Dette handlar om trugsmål mot politiet og svindel med eks-kjærasten og mor hennar sine kredittkort.

27-åringen sin forsvarar, advokat Kjell Steinsbø påkjærte dagens kjenning frå forhøyrsretten. Kjæremålet blir truleg ikkje teken stilling til før over helga. Den sikta må derfor sitja i varetekt i Haugesund over helga.