Halvparten av fengselsstraffa må sonast, resten på vilkår med to års prøvetid. Harddisken på pc-en hans vart inndregen til fordel for statskassa.

Påtalemakta ville ha enda strengare straff, men Voss tingrett fann ein del straffminkande moment. Mellom anna har den unge mannen hatt ein vanskeleg oppvekst, med mykje mobbing. Mykje tyder på at skuletida på Voss heller ikkje var mobbefri.

Politiet fekk tips om nedlastinga, og rykte ut til skulen, der eleven straks vart utpeika. Det vart gjort beslag i 1050 stillbilete og 319 filmklipp av varierande lengde, frå nokre få sekund til eit halvt minutt. Mannen la straks korta på bordet, og vedgjekk tilhøva.

Men det tok tid før saka kom for retten, mellom anna fordi tiltalte har flytta på seg, som vanleg er i denne alderen. I mellomtida har han endra forklaringa si, og i retten nekta han straffeskuld. Det må ha vore medelevar som har lasta ned pornoen av eigen interesse, eller for å mobba han. Fleire visste at han brukte passordet «barn».

Retten trudde ikkje på den nye forklaringa. Dei la vekt på at materialet var plassert i ein velorganisert katalogstruktur på datamaskinen. Det ville neppe utanforståande, som var ulovleg inne på pc-en, ha gjort.

Mannen har heller ikkje utpeika nokon medelev som han mistenker. Dessutan synest retten det er rart at han ikkje har fortalt politiet «sanninga», men venta heilt til saka omsider kom for retten.