Ein mann frå Stryn omkom i ulukka då to vogntog kolliderte på riksveg 15 like utanfor Stryn sentrum.

Blankslitne dekk

Nordfjord herredsrett meiner sunnmøringen handla aktlaust, og gjer han ansvarleg for dødsulukka. Retten finn det bevist at sunnmøringen køyrde med blankslitne dekk, og at han var klar over at dekka var dårlege då han på glatt føre la i veg frå Ålesund mot Bergen om kvelden måndag 6. desember 1999.

Dødsulukka skjedde då trailersjåføren miste kontrollen over vogntoget ved Grønevik i Stryn. Fartsskrivaren frå bilen viser at mannen køyrde i over 80 km/t då han fekk sleng på hengaren på vogntoget.

Hengaren brasa inn i førarhuset på ein motkommande trailer. Førarhuset vart rive av, og smadra i fjellveggen på venstre side av vegen. Føraren av det møtande vogntoget miste livet.

75 dager i fengsel

Retten meiner førarens handlemåte ligg godt over grensa for aktkløyse, og kjem til at straffa skal vere 75 dagar i fengsel. Retten meiner det er formildande at det har teke så lang tid å få denne saka opp til doms.

Mannen som førte vogntoget har hatt store psykiske vanskar etter ulukka, og har slutta som yrkessjåfør.