Det var NRK Sogn og Fjordane som torsdag kunne fortelje historia om den tilsette ved Vik hjelpefengsel, som no sjølv risikerer å verte plassert bak murane på sin eigen arbeidsplass. Seint ute

Det var ein marskveld i år at mannen var på veg til jobben på det einaste fengselet i Sogn og Fjordane. Betjenten fekk dårleg tid, og rekna seg fram til at han ville få problem med å rekke ferja frå Hella til Vangsnes over Sognefjorden. Dermed sette han opp farten.

Problemet var at han vart for hard på gasspedalen. Og i Frudalstunnelen før Sogndal stod ein UP-patrulje på lur. Då fengselsbetjenten med hastverk susa forbi, målte dei farten til heile 135 kilometer i timen.

I retten

Sjølv for fangevoktarar gjeld lovas lange arm. Med så stor fart, vert det rettssak. Slik også med den fengselstilsette. I rettssaka hevda han sjølv at farten "berre" hadde vore 115 kilometer i timen. Men retten festa meir lit til UP-patrulen og deira fartsmåling. Fangselsbetjenten vart dømd til 16 dagar fengsel utan vilkår.

Dermed må mannen sone meir enn to veker bak lås og slå. Kvar han skal sone, seier retten ikkje noko om.

Vakta av kollegaene

Men skal reglane følgjast, vert han sitjande i det same fengselet som han til dagleg passar på andre fangar. Det vanlege ved mindre alvorlege brotsverk, er nemleg at gjerningsmannen må sone i det næraste fengselet.

Det er hans eigen arbeidsplass, hjelpefengselet i Vik. Så er spørsmålet om mannen må finne seg i å bli vakta av kollegaene sine, dei 16 dagane bak gitteret.