«Den som har seksuell omgang med noen som er innsatt eller plassert i anstalt eller institusjon under kriminalomsorgen eller politiet eller i institusjon under barnevernet, og som der står under vedkommendes myndighet eller oppsikt, straffes med fengsel inntil 5 år.»

Slik lyder første ledd av paragraf 194 i straffelova.

Svært omfattande

Paragrafen «rammer enhver utuktig omgang uavhengig av om den er oppnådd ved misbruk av stilling» skriv høgsterettsdommar Magnus Matningsdal i kommentarutgåva til straffelova.

«Gjerningspersonen kan være både mann og kvinne, og det er irrelevant om partene er av samme kjønn. Fornærmedes alder er også uten betydning» skriv Matningsdal.

Eit slikt forhold er også underlagt ubetinga offentleg påtale. Det inneber at politi/påtalemakt har plikt til å innleie straffeforfylgjing om dei får kjennskap til eit slikt forhold.

Toar hendene

Førstestatsadvokat Walter Wangberg stadfester overfor Bergens Tidende at eit slikt forhold er underlagt oppfentleg påtale. Sjølv har han ikkje vurdert å ta noko initiativ for å få politiet til å iverksetje etterforsking. Han vil ikkje uttale noko om forholda som er blitt kjent er straffbare, ettersom han berre kjenner sakene frå avisa.

— Eg vil finne det naturleg at fengselet som ansvarleg offentleg organ vurderer og i tilfelle melder saka til politiet, seier Wangberg.

Til Bergens Tidende søndag uttala fungerande direktør i Bergen fengsel, Siri F, Pettersen mellom anna:

«Kjærlighetsforhold»

«Jeg kan bekrefte at to ansatte hadde kjærlighetsforhold til innsatte. Det er ikke skjedd noe straffbart, men det er selvfølgelig helt uakseptabelt at ansatte har forhold til innsatte.»

Korleis fengselet og Pettersen har kome fram til konklusjonen, har ho ikkje sagt noko om. Og Arvid Senneset, som nå fungerer som direktør, avslår å svare på spørsmål.

Han vil ikkje svare på om saka er meld til politiet. Motviljug opplyser han at spørsmålet har vore vurdert. Han slår fast at fengselet reknar saka som avslutta.

Han nemner også at begge kvinnene har slutta i jobb i fengselet.

Ikkje etterforsking

Det er etter alt å døme irrelevant. At den eine av dei to nå har fått arbeid som politijurist er derimot ifylgje gode kjelder eit tungtvegande argument for å forfylgje saka.

Politiinspektør Asbjørn Braanaas ved Bergen politidistrikt, opplyser til Bergens Tidende at fengselet ikkje har meld dei to sakene til politiet. Ifylgje Braanaas har politiet heller ikkje av eige tiltak starta etterforsking i saka.

TEK IKKJE INITIATIV: Førstestatsadvokat Walter Wangberg vil ikkje ta noko initiativ for å få politiet til å iverksetja etterforskning mot dei tilsette i fengselet som hadde seksuell omgang med innsette.