Trass i at han tilstod utan atterhald i retten, må 62-åringen sone tre månader i fengsel for den økonomiske kriminaliteten.

Frå våren 2000 til våren 2005 førte han ikkje rekneskap i det heile, og i 2001 og 2002 sendte han heller ikkje inn sjølvmelding for dei inntektene han hadde.

Fjordane tingrett meiner det er skjerpande at sikta har utvist total mangel på å etterleve dei forpliktingar som alle næringsdrivande er pålagt, og som er naudsynt for at det offentlege skal ha nnsyn og kontrol,l med verksemda. Han synes heller ikkje å ha tatt lærdom av tidlegare straff for brot på likningslova, påpeikar retten.