Mannen misser i tillegg førarkortet i 15 månader, melder nettstaden porten.no.

Austlendingen har tilstått. I retten forklarde han den store farten med at han hadde blitt forseinka over fjellet. Køyringa skjedde dessutan midt på natta då det var liten trafikk, noko mannen meinte gjorde det mindre farleg.

I følgje dommen i Oslo tingrett må råkøyraren ta ny førarprøve før han får setje seg bak rattet att. Ein av grunnane til den strenge dommen er at mannen alt hadde fire prikkar i førarkortet då han blei teken i verdas lengste tunnel.