Men politiet dukka opp raskare enn dei hadde planlagt, og no endar norgesturen i eit lengre opphald bak murane.

13. desember i fjor kom dei via Sverige i ein bil som tilhøyrde mora til den eine. Den parkerte dei på Lom om kvelden, stal ein annan bil, reiste over til Nordfjord og gjorde ei rekke innbrot denne første natta i landet.

I Fjordane tingrett vart dei funne skuldige i innbrot i ei elektronikkforretning i Stryn, innbrotsforsøk i ei tilsvarande forretning på Eid, tre biltjuveri og diverse andre grove tjuveri. Utbytet av tjuveria var mellom anna mobil— video og elektronikkutstyr verd over 130.000 kroner.

Politiet huka trioen etter ei storstila menneskejakt som inkluderte både hundar, spikermatter og helikopter.

I retten hevda alle tre si uskuld. Blant anna nekta dei for i det heile å ha vore i Nordfjord, trass i rimeleg handfaste bevis på det motsette. Tingretten fann då også desse forklaringane «svært forbeholdne og lite troverdige, og til dels også meningsløse», for å sitere frå dommen.

To av litauarane er no dømt til eit halvt års fengsel, medan den tredje må sone fem månader. I tillegg må dei betale til saman meir enn hundre tusen kroner i erstatning til forsikringsselskapet Vesta, Stryn Elektro og ein privatperson.

I retten ville aktor, politiadvokat Bjørn Larsen, ha åtte månaders fengsel for aller tre.