Det var midt på dagen onsdag 17.juli i fjor at den 42-årige skipsføraren drakk fem-seks halvlitersboksar pilsnerøl, berre to timar før han ifølgje arbeidsplanen skulle føre den hurtiggåande bil— og passasjerferja i rute frå Vik i Sogn. Klokka 12.40 på dagen viste blodprøva 1,39 i promille.

Ytre Sogn tingrett ser med dette vekk frå at tiltalte hevdar at han ikkje hadde til hensikt å fullføre arbeidsdagen på grunn av sjukdom. Ei heller har retten lagt vekt på tiltalte si forklaring om at han drakk alkoholen for å døyve dei intense ryggsmertene han skal ha hatt denne dagen.

Retten finn det prova ut over rimeleg tvil at 42-åringen då han inntok alkoholen korkje i subjektiv eller objektiv forstand hadde bestemt seg for eller faktisk varsla arbeidsgjevar om sjukdomsfritak for resten av dagen.

ý Tiltalte har dermed forsetteleg brote reglande om pliktmessig fråhald, heiter det i dommen. Retten meiner at tiltalte enkelt kunne ha gjeve sine overordna i reiarlaget melding om at han ville fratre arbeidet før han starta å drikke. Han kan dermed ikkje frifinnast grunna nødrett utfrå dei sterke smertene som han måtte døyve med alkohol.

Tiltalte hadde ført MS "Sylvarnes" til Vik om formiddagen denne dagen, men fekk sterke ryggsmerter ved kai då han var med og sette i land ein del spann med bær. Ein av mannskapet køyrde 42-åringen heim, der han ifølgje forklaringa prøvde å kontakte lege.

Ein kollega ombord varsla reiarlaget om alkoholmistanken mot skipperen, og reiarlagt varsla igjen det lokale politiet. Dei pågreip tiltalte ved postkassa utanfor huset hans, ifølgje forklaringa var han då på veg til lege for å bli sjukmeld. Han har også forklara at han prøvde å nå legekontoret på telefon for å bestille time denne dagen. Denne påstanden er imøtegått av kommunelegen, som meiner tiltalte ikkje var i kontakt med legekontoret.

Ifølgje det øvrige mannskapet skal skipparen ha snakka om ryggproblema, men skal ikkje klart ha sagt at han ikkje kom tilbake på jobb til neste avgang.

Dermed meiner retten at han ikkje har gjeve melding slik lova krev, og at han har brote lova om pliktmessig fråhald. Sakskostnader er ikkje idømt.