Det er i realiteten spørsmålet sorenskrivar Bjarte Eikeset og hans to meddommarar må ta stilling til før dom i den spesielle saka fell i slutten av neste veke.

Aktor Walter Wangberg la i Sunnfjord tingrett i går ned påstand om eitt og eit halvt års fengsel. Aktor meiner seks månader av straffa skal gjerast utan vilkår.

— Vi snakkar om eit grovt bedrageri som har gått over lang tid. Etter mitt syn vil tiltalte ha godt av verkeleg å kjenne at han må ta ansvar for det han har gjort.

Forsvarar Harald Stabell meiner tiltalte må sleppe fengselsstraff.

— Ikkje noko tyder på at tiltalte vil gjenta ei slik handling. Eg kan heller ikkje sjå at det er noko poeng med fengselsstraff for å verne samfunnet mot tilsvarande handlingar frå andre. For det første er dette ei eineståande sak. For det andre er hola i systemet som min klient nytta seg av, no tetta.

Aktor la også ned påstand om at tiltalte skal betale tilbake til saman 805.000 kroner som han urettmessig har fått utbetalt av Aetat og trygdeetaten. Dette har tiltalte samtykka i at han vil gjere.