— Siktinga mot mannen som i går føremiddag vart pågripen, er likelydande med dei fire andre i saka, seier politiinspektør Dag Styrvold i Økokrim sitt bistandsteam til BT.

Samstundes som mannen vart pågripen vart de gjennomført ransaking av huset hans. Politiet skal både her og andre stader ha gjort beslag av dokument og pc-ar.

— Vi har endå ikkje starta arbeidet med å analysere innhaldet av beslaga vi har gjort. No konsentrerar vi oss om å avhøyre dei som er sikta, seier Styrvold.

Han fortel at dei sikta så langt har valt å samarbeide med politiet og at tonen er god.

I dag blir det teke stilling til om nokon av dei eventuelt skal framstillast for varetektsfengsling måndag.

— Framdrifta i avhør, og kva dei sikta fortel, er avgjerande for kva vi bestemmer oss for, seier politiinspektør Morten Daae i Vest-Finnmark politidistrikt, som har påtaleansvaret i saka.

Alle dei fem som er sikta i saka, nektar for å ha gjort noko straffbart.

Advokat Richard Bjerk, som forsvarar ein av toppleiarane i Ervik Havfiske, seier til BT at han ikkje ser at politiet kan ha noko grunnlag for å be om varetekt.

— Min klient har svart på det politiet har bede han om. Han stiller seg heilt uforståande til skuldingane og nektar for å ha delteke på noko straffbart, seier Bjerk.

Politiet var i går kontakta frå fleire tilsette i Ervik Havfiske som er uroa for jobbane sine.

— Vi tek sikte på å vere ferdige i lokala før arbeidsdagen startar i måndag. Vi ønskjer ikkje å hindre den daglege drifta av selskapet, seier politiinspektør Dag Styrvold i Økokrim.