Han er neppe i stand til å fatte kva som foregår rundt han, der han baksar rundt i ein pappkartong merka «Løvdahl Kjøtt, Tvedestrand». Eit fjernsynskamera kastar skarpt lys rett i nebbet hans, det lyner frå presseblitsar, og der kjem det ein kraftig framand neve og løftar han ende til vers. Spike kastar på hovudet og blunkar forstyrra, men det hjelp ikkje, han sit bom fast.

For ein liten alkekonge frå Hjeltefjorden er ikkje dette dagleg kost. Men i går måtte den svart-kvite fuglen, døypt Spike av hjelparane, finne seg i å spela hovudrolla i ei stort anlagt førestelling i dei gamle industrilokala på Horsøy Industrikai på Askøy.

«Aksjon Rein Fugl» har fått vind i segla, og kunne i går ettermiddag vise fram den første pasienten.

— Sjå her, han har fått litt olje i det ytre fjørlaget på bringa, seier Arnold Håland, ein av fuglevaskarane som har tatt mål av seg til å berge så mykje oljeskadd fugl som råd er, og vender Spike opp-ned.

På veggen heng ei gammal førstehjelpsbåre - kanskje i største laget for pasientane som er venta, men la gå. I eine kroken står sju pappkartongar klare til å ta imot fleire skadde.

I møterommet i nabobygget er det travel røre: 15-20 menneske i full sving med å skaffe båtar, organisere båtlag, skaffe mat til fugl og folk, få på plass vaskemiddel og medisin, alt som skal til i eit moderne fuglesjukehus.

Fugleberging på heiltid

Overlegen var på plass allereie laurdag. Barbara B. Callahan kasta seg på flyet heime i Alaska fredag kveld norsk tid, og landa på Flesland 24 timar seinare. Nå dirigerer ho troppane, iført svart fuglebergar-jakke med «Emergency Relief»-logo på bringa, medan ho justerer eige blodsukker med ein etterlengta banan.

Paul Kelway har kome frå London - saman med ein tyskar og ein annan amerikanarar utgjer dei naudhjelpsteamet frå den amerikanske organisasjonen «International Fund for Animal Welfare».

Dei driv fugleberging på heiltid, og reiser verda rundt for å hjelpe oljeskadd fugl.

— Organisasjonen vår har arbeidd med dette i meir enn 30 år. Sjøfugl er ikkje som andre fuglar - dei lever 90 prosent av tida si i vatnet, og toler dårleg å vera i fangenskap. Vi gir faglege råd, og hjelper til med å organisere arbeidet, seier Callahan, som er utdanna biolog og har erfaring frå mange kjende oljesøl - seinast frå «Prestige»-ulykka utanfor Spania.

Vaska 1569 spanjolar

Der vaska dei nøyaktig 1569 fuglar. Kor mange det blir på Askøy, veit dei ikkje: Først i dag håpar aksjonistane å ha båtlag på sjøen.

— Vi håpar at frivillige båtkunnige melder seg med små båtar. Det er innsamlinga av fuglen som blir flaskehalsen, seier Arnold Håland, medan han slepper små filetbitar med lyr i gapet på Spike.

Vaskekapasiteten på Horsøy er 30 fuglar om dagen, og dei kan i første omgang ta imot til saman 300 pasientar.

— Vi held ope frå 10-18 kvar dag. Folk som finn skadd fugl kan kome hit med dei, og dersom dei ser fugl med olje, kan dei ta kontakt med oss. Vi vil ikkje at folk skal drive jakt på eiga hand, det må vi ha fagfolk til, seier Håland, som har god tru på at i alle fall Spike skal berge livet.

— Det er ein kvikk fyr, så dette skal gå bra, seier Håland.

I TRYGGE HENDER: I går var det kvile og pleiedag. I dag skal alkekongen Spike i vaskestampen og bli kvitt oljeflekkane på bringa.<p/FOTO: JAN M. LILLEBØ