KJERSTI MJØR

I januar fekk ein makedonsk søskenflokk på fem opphaldsløyve i Noreg, fordi dei har budd her i meir enn tre år. Mens mor til ungane fekk avslag på søknad om familiegjenforeining, og ein frist til 25. juni i år på å forlate landet.

Vedtaket i Utlendingsnemnda (UNE) har vekt sterke reaksjonar og politisk debatt. Fleire har hevda at vedtaket er i strid med FNs barnekonvensjon. No går fembarnsmora til søksmål mot staten.

— Dette vedtaket er beint ut sagt oppsiktsvekkjande, og legg større vekt på innvandringspolitiske omsyn enn omsynet til barnas beste, seier advokaten hennar, Jan Magne Eidsvik, til BT.

Det er uvisst når saka kjem opp for Oslo tingrett. Eidsvik vil be retten om at kvinna får bli i landet til saka er endeleg avgjort.

Psykiske problem

Familien kom frå Skopje i Makedonia til Noreg i 1999. I 2001 avslo Utlendingsdirektoratet søknaden om asyl for familien. Like etter vaks søskenflokken frå fire til fem. Seinare same år tok foreldra ut separasjon.

Etter eit avslag på omgjering av vedtaket i desember 2003, forsvann mora. Barna vart plasserte på barneheim i Åsane, der dei bur framleis. Mor tok opp igjen kontakten med ungane etter to månader, men har ikkje hatt dagleg omsorg for barna sidan på grunn av dårleg psykisk helse.

Også fleire av barna, som i dag er mellom tre og nitten år, slit med psykiske problem. Far lever i skjul.

I fjor vedtok Stortinget ei mellombels forskrift, der det står at asylsøkjarbarn som har vore i landet i tre år skal få prøve sakene sine på nytt. Dessutan skal det takast omsyn til barnas beste. Dette er bakgrunnen for at søskenflokken på fem, som no har budd i Noreg i fem år, fekk omgjort avslaget på asylsøknaden i januar i år, og dermed får bli i landet.

Frivillig eller ikkje

Men mor må ut. UNE legg til grunn at fembarnsmora frivillig overlét omsorga for ungane til andre, og at departementet ikkje ønskjer å løne foreldre som overlét ungane sine utan omsorgspersonar.

I forskrifta står det derfor: «Barn som kom til Norge og søkte asyl sammen med sine foreldre, og som senere har blitt forlatt av foreldrene, får en tillatelse som ikke danner grunnlag for familiegjenforening med foreldrene, men mindre atskillelsen var ufrivillig».

Eidsvik er djupt usamd i at fembarnsmora overlét ungane sine frivillig på denne måten.

— Dette skjedde på grunn av helsetilstanden hennar. Men å ekskludere familiar som har overlate omsorgsansvaret frivillig til andre, er uansett i strid med rammene for stortingsvedtaket, seier Eidsvik til BT.

I Stortingets spørjetime onsdag gjorde kommunalminister Erna Solberg (H) det klart at ho ikkje kjem til å gripe inn i denne saka. Solberg viser til at regelverket er blitt følgt.

— Det tek vi til etterretning. Men vår oppfatning er at denne saka må avklarast gjennom rettsapparatet, seier Eidsvik til BT.