Bilturen skjedde rett før midnatt 7. februar i år, på Sotra. Mannen skal ha drukke heile dagen, og hadde bestilt taxi. Då denne ikkje kom, sette han seg i bilen og køyrde sjølv.

Blodprøve tatt av mannen over ein time etter køyreturen viste at han hadde 2,97 i promille.

«Kjøring med så høy promille utgjør et betydelig farepotensial for siktede og andre bilister, det er tilfeldigheter som gjør at kjøringen ikke ender i en alvorlig trafikkulykke,» heiter det i dommen.

Ein promille på tre tilseier at du lett kan bli medvitslaus. Du mistar kontroll på ein del kroppslege funksjonar, inkludert urinblæra. Tre eller meir kan vere dødeleg, mens over fire er dødeleg.

Mannen har tilstått, og fekk noko strafferett. I Nordhordland tingrett blei han likevel idømt 24 dagar i fengsel, og fekk 100.000 kroner i bot. I tillegg er han fråteken førarkortet i 30 månader.