TERJE ULVEDAL

Femåringen er flyktning frå Somalia, og har saman med foreldra og fire søsken budd i Gloppen i kring eitt år.

Den tragiske ulukka skjedde like ved Statoil-stasjonen på Sandane i halv åtte-tida fredag kveld. Den somaliske familien budde i eit hus like ved bensinstasjonen. Huset ligg også tett inn til riksvegen gjennom Sandane sentrum. Det er også eit vegkryss i same området.

Såg ulukka

Fleire augnevitne såg ulukka, og politiet har danna seg eit godt bilde av det som skjedde etter å ha avhøyrt fleire vitne.

— Guten har sprunge ut av hagen og langs ein hekk. Han har komme brått ut i vegbana, omtrent vinkelrett på vegen. Der blei han påkøyrd av ein bil som kom frå Sandane sentrum. Så langt eg kan sjå skjedde alt så fort at bilføraren ikkje hadde sjanse til å stoppe, seier politiførstebetjent Nils Ove Roset ved Gloppen lensmannskontor.

Ein mann i 40-åra frå Sandane køyrde bilen.

— På mange måtar er dette eit klassisk eksempel på kva som kan skje når ungar leikar, seier Roset.

Naboar Bergens Tidende var i kontakt med i går, karakteriserer ulukkesstaden som svært stygg. Fram gjennom åra skal det ha vore fleire nesten-ulukker, og enkelte hevdar det berre var eit tidsspørsmål før det skjedde noko alvorleg.

— Det er ein stygg plass, ja. Men slik finst det diverre mange av, kommenterer Roset.

Til Haukeland

Ein luftambulanse var tilfeldigvis i området over Sandane då ulukka skjedde, og blei dirigert til ulukkesstaden. Ambulansen var difor svært raskt på plass, og femåringen blei transportert direkte til Haukeland universitetssykehus. Tilstanden hans var då kritisk, men stabil. Men i går føremiddag døydde guten på sjukehuset.

Gloppen kommune har leigd to hus i området til flyktningar. Husa ligg på kvar si side av vegen. Femåringen og hans familie budde i det eine huset. I det andre bur to andre familiar og to einslege flyktningar. Flyktningekonsulent Hugleik Almenning karakteriserer det som skjedde som ein tragedie.

— Vi har vore i kontakt med foreldra, og vi vil støtte opp om dei så godt som råd er i tida framover. Men dei får også veldig god støtte frå sitt eige miljø, seier Almenning.

ULUKKESSTADEN: Den fem år gamle guten blei påkøyrd i området på Øyrane like utanfor sjølve sentrum på Sandane. Naboar karakteriserer ulukkesstaden som svært stygg, og fortel om mange nesten-ulukker.