Det er 14. november 2004, og eit veldig uvêr. I Kjøsnesfjorden i Jølster tordnar skreda nedetter fjellsidene. 67 personar sit sperra inne i bilane sine. Same kvelden feiar eit skred nedover fjellsidene ved Kongsnes og tek med seg riksvegen mellom Høyanger og Balestrand. Og i Gudvangen stengjer store mengder overflatevatn vegen mellom Lærdal og Voss. Dramaet på vegane i Sunnfjord og Sogn er hovudsak på alle nyheitskanalar denne søndagskvelden.

For ei kvinne i Sogn som skal føde tvillingar er det også dramatikk dette døgnet. Tvillingfødslar skal ikkje skje ved den forsterka fødestova på sjukehuset i Lærdal. Difor er den fødande kvinna på veg til Førde sentralsjukehus i ambulanse. Fordi fødselen er i gang, vêret ekstremt og alle vegar stengde, blir ambulansen stoppa ved sjukehuset i Lærdal. På fødestova får kvinna to velskapte barn.

Ambulanse, ekstraferje, ambulanse

Ei fagleg rådgjevingsgruppe, sett ned av Nasjonalt råd for fødselsomsorg, har frå starten for to år sidan og fram til i vår overvaka drifta ved den omstridde forsterka fødestova i Lærdal. Dei har vurdert alle spesielle hendingar i drifta, også tvillingfødselen. Her er konklusjonen, henta frå møtereferat 14. februar 2005:

«Pasienten var i begynnende fødsel og på vei til annet sykehus i ambulanse, men stoppet i Lærdal på veien. Det viste seg så at alle veier fra Lærdal var stengt det døgnet, og helikopter ikke kunne lande ifølge AMK. Fødselen forløp ukomplisert. Vurdering: Korrekt håndtering gitt den beredskapen man har på fødestuen. Dersom det ikke hadde vært gynekologberedskap hadde AMK kunnet rekvirert skyssbåt for å komme forbi rasstedet, og så ville det vært kort vei til sykehuset i Førde.»

Knut Cotta Schønberg, kommunelege i Luster, var medlem i rådgjevingsgruppa. Han seier til BT at det gruppa tenkte på som eit alternativ, var å rekvirere ferje forbi raset som stengde vegen mellom Balestrand og Høyanger.

— Eri slik ferje kunne gått frå Hella til Nordeide eller Vadheim. På kvar side, frå Lærdal til Hella og frå Nordeide/Vadheim til Førde kunne det blitt brukt bilambulansar, forklarar kommunelegen.

- Heilt vanvittig

Ein slik tur, som rådet meiner vil vere fullt forsvarleg, vil ta nærare fem timar. Berre ferjeturen ut Sognefjorden vil ta framimot tre timar. Overlege Bjørn Backe ved St. Olavs hospital i Trondheim var leiar for rådgjevingsgruppa. Han hugsar godt tvillingfødselen, men ønskjer ikkje å gå i detaljar på vurderingar gruppa gjorde av ulike hendingar.

— Men generelt kan eg seie at det i rådgjevingsgruppa sat personar med god kompetanse på geografien i området, seier Backe.

Leiar i aksjonsgruppa «Forsvar Lærdal sjukehus», Bente Øien Hauge, seier ho ikkje veit om ho skal le eller gråte.

— Heilt vanvittig. Kva tilbod er det å gje fødande, spør ho.

Tidlegare denne veka møtte aksjonsgruppa leiinga i Helse Vest. Dei brukte nettopp hendinga frå november 2004 som døme på at dei meiner Nasjonalt råd ikkje har teke på alvor utfordringane som er med transport frå Indre Sogn til Førde. Aksjonsgruppa kjempar no for å få tilbake fødeavdelinga ved sjukehuset.

- Det blei handla rett

— I fjor stod fylkesmannen i Hordaland på framsida av BT og sa at den aukande risikoen for ekstremvêr må takast med i all samfunnsplanlegging. Skal ikkje det også gjelde for helsevesenet, spør Øien Hauge.

Ho meiner Nasjonalt råd for fødselsomsorg heile tida har ført ein kamp for å få vekk beredskapen med gynekologar ved sjukehuset i Lærdal.

— Det er grunnen til at dei alltid kjem slike kreative alternativ som ferje på fjorden når dei vurderer det dei kallar for avvik. Dei legg grunnen for at heile gynekologberedskapen kan bli fjerna, og vi blir ståande tilbake med ei ordinær fødestove, seier ho.

Kommunelege Knut Cotta Schønberg seier han ikkje kan hugse ein situasjon med tilsvarande ekstremvêr der alle vegar til andre sjukehus var stengde, og det heller ikkje var råd å bruke luftambulanse:

— Eg meiner at det blei handla rett ved sjukehuset i Lærdal den gongen. Men dersom det ikkje hadde vore gynekologar i beredskap, kunne det vore eit alternativ med ekstraferje.