– Vi fekk melding klokka 22.24 søndag kveld om at det var skjedd ei ulykke ved utgangen av Kjøshammartunnelen i Hornindal kommune. Bilen har køyrt inn i betongen i tunnelen og ut av vegbana, seier lensmann Inger Lill Lanes i Stryn og Hornindal.

Alle fem vart sendt til Nordfjord sjukehus for legesjekk. Ein av dei fekk ein skade i ei skulder, og ein fekk ein skade i hofta.

– Det har gått utruleg bra med dei, dei har vore veldig heldige, seier lensmann Inger Lill Lanes i Stryn og Hornindal.

Alle dei fem var 18 år eller yngre, og kom frå Hornindal.

– Vi mistenkjer at høg fart var årsaka til ulukka, men det må etterforskast nærare, seier Lanes.

Ho reknar med at førarkortet til sjåføren vil bli beslaglagt.

Roger Vik