ØYVIND LEFDAL EIDSVIK

Bilisten, ein 22 år gamla lustring, måtte til Førde med luftambulanse.

Alle dei fem involverte vart frakta til Sentralsjukehuset i Førde, og tilstanden til to av dei var lenge sett på som alvorleg. For den 22 år gamle mannen enda bilturen fredag ettermiddag med luftambulanse. Fredag kveld var konklusjonen ved Sentralsjukehuset at alle var lettare skadde.

Front mot front-kollisjonen skjedde klokka 16.30 på riksveg 55 på Ølnes, rundt fem kilometer aust for Sogndal sentrum. Den nederlandske familien bestod av eit ektepar i slutten av 40-åra og parets to jenter på 11 og 13.

Også i går kolliderte ein nederlandsk-registrert bil, den gong på Vangsnes i Vik kommune.

Riksveg 55, som går vidare mot Sognefjellet, vart opna igjen rundt 20.30 i går kveld. Det skal ikkje vere mistanke om promille. Politiet ville i går kveld ikkje meine noko om årsakene til ulykka.