JØRN-ARNE TOMASGARD

— Det ville vere uansvarleg ikkje å gjere noko, seier styreleiar Jostein Vike.

Selskapet har ein driftskreditt i Sparebanken Vest på 1,7 millionar kroner. Vike stadfestar at det oppsamla underskotet ligg i nærleiken av denne summen. Senteret har hatt eit driftsbudsjett på kring fire millionar kroner årleg.

Den direkte grunnen til at oppseiingane kom no, er salssvikt i sommarmånadene. På grunn av inntektssvikten har ein heller ikkje kunne drive naudsynt marknadsføring.

— Det vart ein vond sirkel, seier Vike.

Skuldar fylket 18,6 mill.

Det er investert kring 60 millionar kroner i senteret som opna i 2000. Hordaland fylkeskommune har gjeve eit rentefritt lån på 18,6 millionar kroner, og er største kreditor. Vike avviser at det er konkursfare ved senteret.

— Vi har motteke ei pengegåve på fleire hundre tusen kroner. Dette hindra at styret måtte velje eit meir dramatisk alternativ enn mellombels stenging, seier han.

— Eg kan ikkje tenkje meg at myndigheitene kan sitje roleg å sjå at det einaste anlegget som har fått ein UNESCO-pris, skal smuldre bort, seier Vike.

Det var i 2001 at Lyngheisenteret fekk den globale kulturlandskapsprisen frå UNESCO for arbeidet med å ta vare på kulturlandskapet.

Må tilpasse drifta

Ei prosjektgruppe nedsett av styret ved Lyngheisenteret jobbar no med ein ny organisasjonsplan som skal tilpassast drifta.

— Målet er eit trygt økonomisk fundament. Får vi det på plass, kan vi åpne senteret att, seier Vike.

Han meiner staten må ta meir ansvar for drifta. Styret tek no kontakt med kulturdepartementet, miljøverndepartementet og landbruksdepartementet i håp om å få finansiell hjelp.

— Det er blitt kravd meir av oss enn andre. Det er kravd at vi skulle drive så god kommersiell drift at det skulle finansiere den faglege biten, hevdar styreleiaren.

Han meiner senteret har lukkast godt fagleg, og viser til samarbeidet med EU og Universitetet i Bergen om forsking og utdanning.