For dei som køyrer bil på dette sambandet kan det bety bompengar på nærare 25-30 kroner kvar veg innanfor ein bompengeperiode på 15 år.

Heilt sidan starten i 2004 har kostnadstal på 2 til 2,5 og bortimot 3 milliardar kroner svirra gjennom lufta.

I mellomtida har anleggskostnadene gjort eit hopp på 25 til 30 prosent. Og tunnelar både over og under havet må oppfylla krav til tryggleik og sikring som ingen hadde høyrt om for berre fire-fem år sidan.

— Vi har fått signal frå Statens vegvesen om at det endelege kostnadstalet kan verta liggjande i overkant at det vi har trudd til no, seier ordførar i Fjell, Lars Lie, H.

Rekna for lågt

Styreleiar i Sotrasambandet, tidlegare samferdsleminister Lars Gunnar Lie, seier det klårare:

— Vi gjekk vel ut frå 2,5-3 milliardar kroner i 2004 for heile Sotrapakken. Etter kvart kom vi til at vegane på Sotra, nordover mot Ågotnes og sørover gjennom Sund, var rekna for lågt. Så er det også slik at vi på dette plannivået reknar med 40 prosents feilmargin, seier Lie.

Det er særleg ei ny firefelts bru mellom Bergen og Fjell som dreg prisen opp. Alt etter kvar ho vert bygt, vil ho få eit fritt spenn på frå 600 til nesten 800 meter. Altså lengre enn Osterøybrua. Tårna vil skreva 40 meter, og tårnhøgda vert rundt rekna 150 meter.

Sotrabrua av i dag vert tynn og spinkel i samanlikning.

Som Hardangerbrua

Lie ser ikkje bort frå at kostnaden for ei slik bru kan nærma seg kostnaden for Hardangerbrua, altså rundt to milliardar kroner. I motsetnad til Hardangerbrua vil ei ny Sotrabru også få lange viaduktar i begge endane, nett som dagens bru.

— Men elles vil eg venta med å uttala meg for bastant om dette til Statens vegvesen kjem fram med tala sine i juni, seier Lars Gunnar Lie.

Planansvarleg for Sotrasambandet hjå Statens vegvesen, Lille Mjelde, protesterer ikkje på at ei ny og firefelts Sotrabru kan koma opp mot to milliardar kroner. Men ho opplyser at vegvesenet sine utrekningar så langt ligg på 1,2 milliardar.

Nei til bru og ja til tunnel

Men kanskje endar det med tunnel, som truleg vil kosta minst ein milliard kroner mindre enn kombinasjonen av bru og tunnel. Det meiner i alle fall dei nærare 30 velforeiningane på begge sider av Sotrabrua. Tusenvis av bergensarar og strilar er klare til kamp for å hindra at det kjem ei ny bru mellom Sotra og Bergen.

— Vi representerer snart 10.000 menneske som er busette frå Nedre Brønndalen og Kipleskaret på bysida til Hjelteryggen og Tona/Valen på Sotrasida. Vi talar med ei røyst, og vi seier nei til bru og ja til tunnel, seier talsmann for velforeiningane, Per Tore Bøe, som bur i Drotningsvik.

Raserer bustader

— Ei ny firefelts bru vert ein gigant som vil rasera mange bustader, redusera verdien på mange eigedommar og gjera evigvarande skade på naturen, seier Bøe.

Han held fram tunnel som ei absolutt konfliktfri, miljøvenleg og framtidsretta løysing med hundre prosent regularitet i trafikken. Noko som er avgjerande for beredskapen på Sotra.

— 5. mars i år var som kjent Sotra heilt utan beredskap på grunn av snøstorm og sterk vind. Ei ny bru vil vera utsett for dei same naturkreftene som dagens bru, og liggja på tvers av ekstremvindane nord/syd.

— Noko slikt kan knapt kallast eit berekraftig og framtidsretta samband.

BRU ELLER TUNNEL?: Innanfor den lysmarkerte firkanten ser vi korleis Statens vegvesen tenkjer seg ulike løysingar for ny Sotrabru med fire køyrefelt. Biletet viser at alle fire bruløysingane lett kan koma i konflikt med bustadområda på begge sider av sundet. Den stipla lina lengst sør er tunnel, som unngår dei konfliktane bruene hamnar i. FOTO OG GRAFIKK: TOR SPONGA.