Gjennomsnittsalderen i Fjell kommune er nemleg 34 år, langt under dei fleste andre kommunar. På same måte er det eit kvinneoverskotet i Fjell, noko mesteparten av dei andre kommunane på Vestlandet berre kan drøyme om.

Likevel er det altså Lars Lie (60), Inge Ree (70), Georg Indrevik (68), Daniel-Victor Sandvik (58) og Vidar Arnesen (48) som har dei fem viktigaste posisjonane på Sotra-kommunen, slik VestNytt skreiv i går. Yngstemann Arnesen drar aleine ned snittalderen med over tre år.

Ikkje nøgd

— Er de representative for folket i Fjell, ordførar Lars Lie?

— Ja, vi er unge og spreke. Dei er høgst oppegåande, dei fleste som er lista opp. Eg trur ikkje dette blir eit problem, seier Lie (H). Han medgir likevel at han ikkje er heilt nøgd med samansetninga.

— Eg skulle gjerne sett at balansen var betre. Samtidig er det kvinner som er gruppeleiarar for både oss i Høgre og i Frp.

Marianne Sandahl Bjorøy, gruppeleiar for AP, meiner det er trist at alle leiarverva er fordelt til menn over middagshøgda.

— Den samansetninga representerer ikkje kommunen. Vi treng politikarar som går i alle miljø, og det får vi ikkje no, seier Bjorøy.

- Småleg

Ho trur ikkje dei fem mennene kjem til å gløyme ungdomen, men at dei vil ha eit litt anna fokus.

— Det blir berre litt einspora. Mesteparten av innbyggjarane er unge barnefamiliar, seier Ap-politikaren.

Eldstemann i eldsterådet, Inge Ree (KrF), syns det kan diskuterast kor representative dei er for kommunen.

— Men i førre periode var dei tre komiteleiarane kvinner. Dette jamnar seg ut over tid, ser du. Og vi har vore veldig nøye på at vi er innfor krava til kvinneleg representasjon i fordelinga av komiteane, seier Ree.

48-årige Vidar Arnesen (Frp) seier seg nøgd med å dra ned snittalderen. Men å beklage samansetninga er ikkje på tale.

— Ut ifrå vår politikk skal du få jobbe så lenge du vil. Og kven er det som blir brukt til å bringe ungane rundt om ikkje besteforeldra? Om vi har ein snittalder på 61, vil vi sjølvsagt ikkje gløyme barnefamiliane. Det blir litt småleg av opposisjonen, meiner Arnesen.

Han seier at Frps nye gruppeleiar, Anita Garlid Johannessen, vart spurt om å vere komitesjef, men heller ville prioritere å gjere ein god jobb i fylkestinget.

Oppgitt Sæle

Ikkje berre Arbeiderpartiet i Fjell reagerer. Også sambygding og leiar i Kristelig Folkepartis kvinner, Anita Apelthun Sæle, blir oppgitt når ho høyrer om resultatet av forhandlingane.

— Dette var ikkje bra i det heile tatt. Kanskje er det ikkje eingong i takt med lova. Dette var ei dårleg fordeling av makta, seier Sæle.

Likestillingsombod Beate Gangås meiner Fjell berre understrekar at det framleis er langt igjen til full likestilling.

— Dette er sjølvsagt alt for dårleg. Det er synd at det ikkje går å få til ei betre fordeling mellom kjønna.

FEM MENN OG TO KVINNER: Fem menn står for komiteleiar- og ordførarjobbanei Fjell. I går nekta ordførar Lars Lie BT å ta bilete utan at også Frp og Høgre sine kvinnelege gruppeleiarar var med. F.v. Daniel-Victor Sandvik, Georg Indrevik, Vidar Arnesen, Anita Garlid Johannessen (alle Frp), Lars Lie (H), Inge Ree (KrF) og Eli Berland (H).