Ein gardbrukar i Fjaler mista i førre veke fem ungkviger. Gardbrukaren vil vera anonym, men fortel til Firda, at han ikkje skjønner korleis det kunne skje. Hendinga har gjort eit djupt inntrykk på han og familien.

— Vi gjorde som vi plar gjere før omrøring i gjødselkjellaren. Alle dører og glas var opna på vid vegg, så luftgjennomstrøyminga i fjøsen skulle vere god, seier gardbrukaren til Firda.

Gjødselgass er tyngre enn luft. Den er fri for lukt og smak, og kan leggje seg på stader der luftsirkulasjonen er mangelfull. Gassen fortrengjer oksygen, opplyser veterinær i Fjaler, Irene Nergård, til Firda.