LASSE SMØRDAL HELLAND (19), BRATHOLMEN

— Nei. Eg køyrer ofte innom Bergen, og det blir veldig mykje pengar. Det er nok bompengar som det er.

JOAKIM LINGE (29), ULVESET

— Ja. Dersom eg slepp å stå i kø, så. Eg køyrer kvar dag, og betaler gjerne bompengar om det ikkje blir alt for dyrt.

MONA LIE (18), LODDEFJORD

— Nei. Det blir dyrt når du bur på ei side og jobbar på den andre sida av brua.

ANITA LANGØEN (36), STRAUME

— Nei. Eg veit ikkje kva alternativet er, men er mot meir bompengar. Veit ikkje om det er riktig at bilistane betalar meir.

RUTH INGRID SKOGLUND (41), BRATHOLMEN

— Ja. Trur det er heilt nødvendig. Om ikkje tar det så lang tid før brua blir realisert. Men betre kollektivtrafikk er viktigare.