Også Førde Lufthamn og flyplassen på Hovden mellom Ørsta og Volda går ei usikker framtid i møte.

Styret i Luftfartsverket presenterte i ettermiddag ein rapport om strukturen på norske flyplassar. Det er Samferdsledepartementet som har gitt Luftfartsverket i oppdrag å utarbeide rapporten.

Luftfartsverket meiner at det norske flyplassnettet i hovudsak må oppretthaldast. Likevel stiller rapporten spørsmål om framtida for ti av 28 regionale flyplassar.

Fem av desse, Fagernes, Sandane, Namsos, Narvik og Vardø, vert vurdert som samfunnsøkonomisk ulønsame.

— Desse fem er dei som først bør vurderast, dersom politikarane ønskjer å redusere talet på flyplassar, heiter dei i rapporten.

Men også kortbaneflyplassane Førde, Ørsta/Volda, Mosjøen, Svolvær og Honningsvåg er i ein utsett posisjon. Også desse fem vert vurdert som ulønsame, men marginane er meir usikre.