EYSTEIN RØSSUM KRISTIN JANSEN GARD STEIRO

Til saman skal det vere snakk om ca. to kg amfetamin. Ein av dei fem som er fengsla, ein 42-åring frå Bergen, vart i 2001 dømt til seks års fengsel for å ha smugla 75 kg hasj og fleire hundre gram amfetamin frå Danmark, Nederland og Belgia. Han har også ein narkodom på seg frå Danmark.

Ein del av amfetaminen som politiet nå har beslaglagt, skal ha vorte funne hos eit ektepar i 30-åra, då dei var på veg frå Oslo til Bergen i bil. Etter lang tids spaning vart dei to pågripne på Os sist veke og fengsla med brev— og besøksforbod i fire veker.

I går vart ei 23 år gammal kvinne fengsla for fire veker i same sak i Bergen tingrett. Ho vart arrestert i Oslo onsdag, men har den siste tida budd i bergensområdet saman med den 42 år gamle kjærasten.

Kjærasten tatt

Politiet fekk medhald i at kvinna skal sitje isolert i dei første to vekene av varetektsperioden.

Også kjærasten er varetektsfengsla og sikta. Etter det Bergens Tidende kjenner til, har politiet funne eit større parti amfetamin i eit husvære paret har disponert i bergensområdet. Politiet meiner narkotikaen som vart funne i bilen på Os har samanheng med stoffet som vart funne i huset til dei to.

Den 23 år gamle kvinna som vart fengsla i går nektar all skuld.

Nektar skuld

— Så vidt eg har forstått, meiner politiet at ho har vore med på å oppbevare stoffet. Ho nektar sjølv for dette, seier advokat Benedict de Vibe, som har representert kvinna tidlegare.

Fengslingsmøtet i går gjekk for stengde dører, og politiet ønskjer ikkje å seie noko som helst om etterforskinga. Heller ikkje advokat Torstein Røed, som forsvarte kvinna i retten i går, vil kommentere saka.

Ytterlegare ein person, også dette ei kvinne, sit varetektsfengsla mistenkt for å ha vore involvert.