Det gjekk bra med alle førarar og passasjerar i dei fem bilane som braka saman på E16 rett nedanfor Voss Folkehøgskule, ein kilometer vest for Vangen i dag.

Småbulkar Men det går fort med nokre titals tusenlappar når bulkane på fem bilar skal rettast ut og lause delar skal på plass att, både i front og bakstuss på fleire av dei.

Alle fem kom i retning frå Bergen. Dei hadde køyrt lenge i 80-sone, gjennom ei kort 70 sone og så vidt inn i 50-sona for Voss sentrum idet dei kjem over bakketoppen og ser at trafikken står stille. Her er det både fotfelt og avkøyrsle til venstre, og ingen plass til unnamanøver for den som ikkje har avpassa farten.

Køar Ein av bilane hang fast på slepekroken til bilen framom, og måtte jekkast opp for å koma laus. I mellomtida veks bilkøane begge vegar.

Med politiet og bilberginga si hjelp, vart dei andre påsketuristane lirka forbi, medan dei uheldige kjedekolliderande måtte finna fram skadeskjema og utveksla telefonnummer.