OVE ARNE OLDERKJÆR

— I hovudet er eg i løpet av ein dag som regel innom det som skjedde. Men eg slit ikkje med det, føler ikkje noko problem med å passera Bloksene, seier Olav Skjetne frå kapteinstolen på HSD Flaggruten sin MS «Vingtor».

I 32 knops fart går snøggbåten utan vanskar på innsida av dei frykta Blokse-skjera, slik planen var med «Sleipner». Det er god plass til land. Olav Skjetne viser radarbildet som klart og tydeleg tek signala frå Racon-sendaren på Litle Bloksa og frå radarreflektoren på Store Bloksa.

Endra rutinar

Ved sida av stolen har han det elektroniske kartet med innlagt idealkurs, og med alarmutløysande faresoner fast innteikna rundt Bloksene og andre grunner og landområde.

Lys- og reflektormerkinga på Litle Bloksa kom etter «Sleipner»-ulukka, systemet på kartplottaren blei skifta ut, og kommunikasjonen på brua fekk faste rutinar. Det virkar som om det i dag er tilnærma umogeleg for Flaggruten å koma i nærkontakt med Bloksene, som Skjetne passerer tre gonger dagleg når han er på vakt.

Men navigatørane følte seg trygge i farvatnet også før «Sleipner»-forliset, sjølv om dei hadde etterlyst ei betre merking av ulukkesskjeret.

På tå hev

— Det som har vist seg er at uheldige ting skjer der ein føler seg sikker. I vanskelege farvatn er ein på tå hev. Utfordringa er å ha god kommunikasjon på brua og vera konsentrert heile tida, seier Olav Skjetne.

Overstyrmannen frå «Sleipner» var i arbeid på Flaggruten alt halvanna veke etter tragedien ved Ryvarden. 43-åringen frå Finnås på Bømlo er no kaptein på «Vingtor» og kursleiar for snøggbåtnavigatørane i HSD.

«No går du feil!»

«No går du feil! No går du på Blokso!» Styrmann Skjetne sitt rop til kapteinen like over klokka 19 fredag 26. november for fem år sidan står spikra i minnet etter kommisjonsforklaringane frå ulukka.

Mange hugsar også Olav Skjetne si stemme frå fjernsynsdokumentaren i NRK, lydbandopptaket av naudsamtalen med Rogaland Radio då han bad om assistanse til havaristen.

Då ulukka var eit faktum iførte Skjetne seg overlevingsdrakt, treiv ein berbar VHF-radio og tok seg via det sleipe skipstaket akterover mot passasjerane på øvre dekk medan «Sleipner» dunka nådelaust og baugknekt mot Store Bloksa.

Drama på øvre dekk

— Kva hugsar du frå øvre dekk der du låg på taket og prata med passasjerane?

— Det kom mange spørsmål. Dei lurte på kva tid hjelpa kom. Då var berre radaren synleg over vatnet framme på styrehuset. Eg prøvde å snakka i VHF-en, men det var veldig vanskeleg å høyra noko på grunn av skroglydar og vind. Så raste passasjerane ned mot salongdøra idet rekkverket akter rauk, eg fór i sjøen på utsida av båten.

— Hugsar du andlet?

— Eg hugsar matrosen som stod på dekk. Han stod og rulla seg ein røyk, seier Skjetne stille. Matros Leif Larsen omkom i ulukka.

To gravferder

Olav Skjetne deltok i gravferda til ein av dei omkomne frå Bømlo som han kjende frå før. Han var også i matros Larsen si gravferd då han var funnen omkomen fire månader etter ulukka.

— Fekk du hjelp til å bearbeida inntrykk av alt som skjedde?

— Me var på samling med mannskapet straks etterpå. Seinare følte eg ikkje behov for noko spesiell oppfølging.

— Har du vonde draumar om ulukka?

— Det har eg aldri hatt. I førstninga kunne eg få ein reaksjon når eg var heime og fiska og fekk sjøvatn i fjeset. Det er det einaste.

- Skal ikkje skje

— Kva gjorde ulukka med tilliten til selskapet?

— Klart det har med tillit å gjera. Slikt skal berre ikkje skje. Så enkelt er det.

— Er ulukka enno tema blant sjøfolka i HSD?

— Ja, og det er rett og. Slikt kan ikkje leggjast daudt. At det no skjer ei femårsmarkering er også uproblematisk for meg. Det blir heilt feil å teia slike ulukker i hel.

— Kva er viktigaste lærdommen av «Sleipner»-ulukka?

— Det at kommunikasjonen på brua er lagt meir vekt på. Alt som går på kommunikasjon og haldning er veldig viktig.

Såg «Rocknes» gå rundt

Ved eit tilfelle var Olav Skjetne på Flesland kai då lasteskipet «Rocknes» havarerte i Vatlestraumen 19.januar i år. Frå kaia såg han at båten la seg over og rulla rundt.

— Det gjekk skremmande fort, seier Skjetne, som deltok i søk etter ulukka.

Snøggbåtkapteinen er oppteken av ein god dialog mellom sjøfartsstyresmakter og reiarlag.

— Styresmaktene og selskapa har felles interesser. Me kan ikkje få tredd vedtak ned over hovuda våre utan sjanse til å påverka. Dei gode haldningane vil li av det.

— Kva med media - følte du og mannskapet dykk hengt ut etter «Sleipner»-ulukka?

— Media skreiv på mange måtar rett. Dei spurte passasjerar som var med og som hadde sine opplevingar. Mannskapet uttalte seg ikkje. Då blei sanninga einsidig. For dei som ikkje var til stades blei det heile sanninga, seier Olav Skjetne.

SIKKER KURS: Kaptein Olav Skjetne har i dag langt betre hjelpemiddel for ein trygg seglas forbi Bloksene enn då han var med på «Sleipner». Den strake lina i radarbildet syner skipets kurs nordover forbi Ryvarden-landet og Håskru lykt styrbord. Babord ligg Store Bloksa som ein gul flekk og Litle Bloksa som kastar lyse felt med Racon-sendaren.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ
I RUTE: Flaggrutens MS «Vingtor» i rute ein novembermorgon i Haugesund.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ
FARESONE: Det elektroniske kartet har tydeleg faresone rundt Bloksene. Alarmen går dersom fartøyet nærmar seg slike soner.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ