– Vi vil ikkje betala for å feira fredsdagen i militærleiren. Såpass prinsippfaste må vi vera, seier leiaren i Voss forsvarsforeining, tidlegare regimentsjef, oberst Nils Hesjedal.

Dermed heldt dei til ute, sjølv om det kom ei lita bye med striregn.

I år var det den siste plasskommandanten på Voss, oberstløytnant Oddmund Nygård, som la ned krans ved bautaen over dei frå Fjordane Infanteriregiment (IR 10) som fall under krigen. Regimentet mobiliserte soldatar frå indre Hordaland og heile Sogn og Fjordane.

Tradisjonsbrot

Etter høgtida ved bautaen vert alle frammøtte, utan omsyn til militær eller sivil rang, årvisst bedne inn til kaffi og wienerbrød i Østre Messe, den staselegaste offisersmessa, på ein haug ovanfor leiren.

Denne gongen vart det servering utandørs. Forsvaret har lagt ned militær verksemd på Bømoen, og overlate til statsføretaket Skifte å selja heile området.

– Kor mykje måtte de ha betalt i leige for å få koma i hus?

– Beløpet spelar ingen rolle. Dette er ei prinsippsak, seier Hesjedal.

Hjå Skifte fekk han svaret at dei godt kunne halda til i Østre Messe, berre det ikkje kosta Skifte noko.

– Skulle vi inn der, måtte golvet vaskast etterpå. Og det kostar nokre kroner. Så vi står ute, seier den prinsippfaste pensjonisten.

Naken flaggstong

Ved bautaen sa oberstløytnant Nygård at det er vemodig å legga ned krans medan flaggstonga inne i leiren står naken på 8. mai. Dette er siste året det er militær aktivitet i leiren, og den aktiviteten avgrensar seg til rydding. Det vil framleis vera aktivitet i skytefeltet på Mjølfjell og i ammunisjonslageret i Vasslia, begge styrde frå Bergen.

Nygård vert no vekependlar til Reitan ved Bodø.

Han er svært uviss på kven som får ansvaret for IR 10-bautaen no når Staten skal selja grunnen han står på. 4000 var samla då minnesmerket vart avduka i 1948. Langt færre er med no, og i år stilte svær få i uniform.

Relieff til Valdres

Relieffet over vestlendingane i Bergartilleriet som fall under krigen, er no flytta frå Østre Messe på Bømoen til museet på Vang i Valdres, nær staden der artilleristane vart drepne.

– Museet har lova å ta vare på relieffet og heidra soldatane årleg. Det er betre enn at det hamnar i eit magasin på Forsvarsmuseet, seier Nygård.

ARNE HOFSETH