— Her er det full stopp på det meste av investeringar, fortel økonomidirektør i Helse Førde HF, Jan Flølo.

Dermed blir det ikkje nytt tak på Fylkessjukehuset på Nordfjordeid i år heller, sjølv om det gamle lek. Eller nye brannsikringstiltak på kontorfløyen ved fylkessjukehuset i Lærdal. Eller løysing på problema med reservestraum ved Sentralsjukehuset i Førde (SSSF). For å nemne noko.

— Nesten kvar veke har vi utstyr som havarerer, men med så knappe rammer blir det vanskeleg å skifte det ut i løpet av året.

I år fekk Helse Førde HF 60 millionar kroner til investeringar. Det meste er alt fordelt på to planlagde psykiatriprosjekt, fullføring av påbegynte ombyggingsarbeid i Florø og Nordfjord, samt rehabilitering av heisane på SSSF. No er det lite att.

— Vi manglar heilt midlar til nye ombyggings- og vedlikehaldsprosjekt i heile Helse Førde HF, fortel Flølo.

I fjor fekk SSSF 27 millionar kroner til nytt medisinsk-teknisk utstyr. I år er beløpet redusert til vel 18 millionar, og skal dessutan dekke IT-utstyr.

— Det er litt krise på sektoren i år, men vi må tru at dette er eit unntaksår og at situasjonen endrar seg på sikt.

Helse Førde HF har meldt inn eit akkumulert behov på 100 millionar kroner til vedlikehald og ombyggingsprosjekt.

Også sjukehuset på Stord, som no sorterer under Helse Fonna HF, har fått merke den nye budsjettsituasjonen.

— Vi har fått langt mindre til investeringar i år, særleg når det gjeld utstyr. Der slit me med medisinsk-teknisk utstyr, IT-utstyr, med alt, seier økonomisjef Tor Audun Fonnes.