Ordninga vert innført frå 1. februar i år.

— Kvifor gjer de dette?

— Det skal bli enklare for trafikantane og du får samme rabatt som før på alle ferjene, seier seniorrådgiver Robert Fjelltun Bøe i Statens vegvesen til bt.no.

Ferjesambanda i Møre og Romsdal tok i bruk Ferjekort i desember 2009 og no følgjer alle ferjesamband i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland etter. Ferjekort kan også nyttast på Tide Sjø sine samband i Trøndelagsfylka; Brekstad – Valset og Levanger – Hokstad, og Fjord1 MRF sitt samband i Finnmark; Hasvik – Øksfjord – Tverrfjord.

Rabatt på alle reiser

  • Vi er nøgde med at Ferjekort no takast i bruk på heile Vestlandet, seier seniorrådgivar Robert Fjelltun Bøe i Statens vegvesen. Ferjekort kan nyttast på tvers av ferjeselskapa og trafikantane får same rabatt på alle samband som er med i ordninga.

Statens vegvesen skriv at ei felles betalingsløysing og rabattordning lenge vore eit ønske, spesielt frå næringstransport og andre som reiser ofte langs kysten.

Det er Statens vegvesen som har teke initiativ til samarbeidsprosjektet om Ferjekort. Meininga er at dette etter kvart kan takast i bruk av alle ferjerederia i landet.

Byte av kort

For å få rabatt etter 1. februar treng du Ferjekort. Har du verdikort i dag, og vil ha overført restverdien til det nye kortet, må dette gjerast hos det selskapet som har levert det gamle kortet.

Alternativt kan du skaffe deg Ferjekort på ferja du skal reise med, og deretter få refundert restverdien på gammalt kort ved å sende det til selskapet som har levert dette, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding

Sonekorta går ut

Sonekort for bil og person kan ikkje lenger brukast. Alternativet er verdikort. Du får refundert restverdien på sonekortet ved å sende inn gammalt kort til det ferjeselskapet som har levert dette.

Gamle periodekort og studentkort kan nyttast ut perioden det er betalt for. Etter det kjøper ein eit Ferjekort.

Meir informasjon på: www.ferjekort.no

Følg skipstrafikken direkte.

Sjekk også våre webkamera på Hurtigrutene.