Alt er ikkje svart i industribygda Høyanger. Den kommunalt eigde felgfabrikken, som Hydro aldri greidde å få til skikkeleg drift i, vurderer no ei formidabel utviding. Bilfelgprodusenten vil i år lage i overkant av 1 million bilfelgar. Alt neste år er planen å auke kapasiteten til 1,4 millionar.

Og i åra framover kan produksjonen bli ytterlegare utvida. Overfor Bergens Tidende stadfestar direktør Arvid Ullebø at dei arbeider med planar som kan gje ei dobling frå dagens produksjon.

— Vi opplever eit kostnadspress, prisane går nedover. Skal vi klare å levere gode resultat, kan vi ikkje greie det åleine ved å redusere eigne utgifter. Det må skje i kombinasjon med større volum, forklarar Ullebø.

Dobling av produksjonen vil medføre bygging av eit heilt nytt lakkanlegg, og innkjøp av nye maskiner både til bearbeiding og støyping.

— Vi snakkar om vesentlege investeringar, seier Fundamus-sjefen.

Amerikanske eigarar

Tidlegare denne veka godkjende kommunestyret i Høyanger ein avtale om utviding av aksjekapitalen med rundt 20 millionar kroner i selskapet. Det amerikanske selskapet Allied Resource Corporation (ARC) kjem som følgje av dette inn med ein eigardel på 20 prosent i felgfabrikken. Bakgrunnen for emisjonen er å få inn ein industriell partnar som både kan tilføre bilfelgfabrikken ny kapital og industriell kompetanse.

Høyanger kommune har heile tida sagt at dei ønskjer å bli sitjande som eigar av fabrikken. Det ligg i korta at det amerikanske selskapet på sikt kan kome til å ta over heile den kommunale eigardelen, som før aksjeutvidinga var på 70 prosent.

ARC er frå før inne i fleire europeiske fabrikkar. Her i landet er amerikanarane mellom anna medeigarar i solcelleprodusenten Scanwafer.

Mot solid overskot

Fundamus byggjer i desse dagar sin eigen smelteomn. Når denne står ferdig, vil felgfabrikken langt på veg vere sjølvforsynt med aluminium.

Fabrikken leverer originalhjul til bilfabrikkar i Tyskland og Sverige. Volvo, Audi, BMW og Saab er største kundane. Fundamus har framleis rikeleg med ordrar, og har selt kvart einaste av dei 810.800 aluminiumhjula som er produsert dei tre første kvartala i år.

— Skal vi vekse saman med kundane våre, må vi ha kapasitet til å stille opp for dei, seier Arvid Ullebø.

Felgfabrikken har i dag 310 tilsette.

— Ein auke i produksjonen vil også gjere det nødvendig med ein viss auke i talet på tilsette. Men vi snakkar ikkje om så veldig mange, understrekar Fundamus-sjefen.

Høyanger kommune tok over felgfabrikken etter at selskapet låg på sotteseng for to år sidan. Sidan har Fundamus gått betre og betre. Så langt i år er overskotet 21,3 millionar kroner. Betre marginar og lågare kostnader er forklaring på det gode driftsresultatet.

STØRRE PRODUKSJON: Fundamus i Høyanger går betre og betre. No vil det kommunalt eigde fabrikken auke produksjonen.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH