Fleire lokale bedrifter der Høyanger kommune har eigardelar vil i lag med dei tilsette by på fabrikken, dersom ingen andre gjer det. Innovasjon Norge, som er største kreditoren, har avvist ei slik løysing. Dei meiner ein industriell eigar må på plass, utan ein slik eigar er det like godt å avvikle drifta. Avslaget har skapt sterke reaksjonar i Høyanger fordi dei meiner opplegget kommunen har gått i bresjen for, er risikofritt for kreditorane.

Ikkje aktuelt med press

– Innovasjon Norge er tilført tre milliardar kroner. Eg håpar Fundo får sin del av dette, sa statssekretær Rikke Lind (Ap) i Nærings— og handelsdepartementet då ho kom til felgfabrikken mandag. Ho gjorde det likevel klart at det ikkje er aktuelt å leggje politisk press på det statlege tiltaksorganet for å få dei til å endre standpunkt.

– Avgjerda som skal takast er det Innovasjon Norge som må gjere. Men eg har oppmoda kommunen om å be om eit nytt møte med dei for å diskutere saka.

Stoppar Volvo

– Dersom det kan finnast ei løysing for vidare drift av Fundo innan torsdag, så held det for oss, seier pressesjef Maria Bohlin i Volvo. – Vi har prøvd å bidra til å hjelpe Fundo gjennom vanskane, men det er ikkje meir å gjere frå vår side.

For Volvo inneber det også ein kort produksjonsstans, inntil bilprodusenten har funne leverandørar som kan ta over etter Fundo Wheels.

– Vi tykkjer det er ein svært beklageleg situasjon som har oppstått, særleg med tanke på dei svært langvarige forretningsmessige relasjonane vi har hatt til Fundo, seier Bohlin.

Utan leveringsavtaler med Volvo og Audi, er det kroken på døra.

– Det er overkapasitet på produksjon av tradisjonelle felgar i lettmetall, så det er ikkje noko problem å finne andre som kan ta over våre leveransar, seier Fundodirektør Hroar Holm Carlsen.

Bortsett frå å slå fast at det framleis ikkje har kome bod på å overta felgfabrikken, ønskte bustyret i går ettermiddag ikkje å kommentere den siste utviklinga i spelet kring hjørnesteinsverksemda i Høyanger. Fabrikken gjekk konkurs 12. januar, men etter avtale med DnB NOR går drifta vidare til kommande torsdag.

Statssekretær Rikke Lind besøkte Høyanger i dag.
ODDLEIV APNESETH (MMS)