– Vi fekk melding om saka klokka 22.47. Meldaren kalla dei to «torpedoar», men vi veit ikkje kva formålet med trugsmåla var, seier operasjonsleiar Åsmund Austerheim ved Sunnhordland og Haugalandet politidistrikt. Han fortel at politiet kjenner til mannen som fekk vitjing frå før.

– Han kjende ikkje dei to torpedoane, men dei hadde med seg ei kvinne som ikkje var maskert, og henne har vi fått eit mogeleg førenamn på. Vi har elles nokre andre spor som vi vil undersøkja, seier Austerheim.

Det er usikkert korleis dei to karane skal ha teke seg inn i husværet, men ei vindaugsrute var knust. Dei to skal også ha hatt ein kniv med under heimebesøket.

— Karen som vart slått er 22 år gamal. Han var ikkje så skadd at han måtte oppsøke lege. Vi har ein mistenkt kar, han er og stordabu, seier operasjonsleiar Thor Gunnar Westlye i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til bt.no.

Den mistenkte skal etter det bt.no kjenner til vera ein mann på 30 år. Miljøet er ikkje heilt ukjent for politiet.

— Dei seier ikkje så veldig mykje i dette miljøet, så vi veit ikkje kva som er grunnen til at mannen fekk torpedoar på døra. Ein av teoriane vi jobbar etter er at det er ein krangel om pengar, seier politioverbetjent Dag Vidar Nordhus ved Stord lensmannskontor til bt.no.