— Pengane betyr ikkje noko, seier 81-åringen om erstatningssummen på 60.000 kroner, det maksimale som er råd å få frå erstatningsordninga. Men oppreisninga det inneber er han glad for, sjølv om det etter hans meining burde vore ordna for lenge sidan.

— Det burde blitt lagt større press på Tyskland. Då kunne dette blitt ordna før, seier Hansen til avisa Ytre Sogn.

Faren, som døydde i fangeskap i den tyske konsentrasjonsleiren, er derimot ikkje innvilga erstatning. Magne Hansen søkte oppreisning også for han, men har fått avslag. Tilbakemeldinga er at saka er forelda.

Høyrde på radio

Den 7. januar 1942 blei Magne og faren Karl Hjalmar arrestert på verkstaden på Sæbøtangen i Høyanger. Magne hadde mellom anna delt ut aviser for motstandsrørsla. På verkstaden hadde dei dessutan radio.

— Dei storma inn og tok oss når vi lytta på radio. Det var ikkje så lett å bortforklare, fortel Magne.

Snart 62 år etter den dramatiske arrestasjonen, møter vi ein utruleg sprek 81-åring på blikkenslagerverkstaden på Sæbøtangen. Magne Hansen er framleis i bortimot fullt arbeid i firmaet Hansen & Sønn. Og hovudet er like kvikt som kroppen er sprek. Opplevingane frå krigens dagar sit som spikra i minnet.

Først bar det til Bergen kretsfengsel. Deretter til den norske fangeleiren Grini der han feira 21-årsdagen, det som då var myndigheitsalder.

— Eg hugsar far min sa at «no er du myndig og kan gjere som du sjølv vil». Det var ikkje mykje hjelp i det, seier Magne Hansen. I dag kan han smile av det, den gongen var det dødsens alvor.

Til Tyskland våren -43

Eit drygt år etter at han blei tatt til fange i Høyanger, bar det til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

— Då dei kom og ba oss pakke sakene våren 1943, trudde eg ei stund at vi skulle bli sette fri.

I staden blei det to år i tysk konsentrasjonsleir. Faren overlevde ikkje.

— Til slutt var det ingen ting att av han, berre skinn og bein. Far døydde på sjukestova. Tilfeldigvis var eg også sjuk med skarlagensfeber. Men vi låg på kvar vår sjukebrakke. Eg fekk ikkje vite at far var død før etterpå.

På den offisielle dødsattesten, utskriven av naziregiment, er dødsårsaka oppgitt til å vere lungebetennelse.

I den tyske fangeleiren blei Høyanger-ungdommen formann på ein verkstad. Over seg hadde han to tyske offiserar. Han hugsar godt episoden då dei ville ha eit batteri montert inn i eit køyretøy. Hansen sa dei hadde så mykje å gjere at det måtte vente. Den eine offiseren blei rasande, teikna opp for ein fange korleis batteriet skulle plasserast og gav ordre om å få arbeidet gjort. Under arbeidet blei bremsebanda kutta, utan at nokon merka det. Køyretøyet krasja rett etter at det kom ut frå verkstaden.

— Eg blei spraka inn under bilen, og avkrevd svar på om ikkje dette var mitt ansvar som formann. Eg prøvde å forklare så godt som råd, men tysken var ikkje den heilt store. Brått spurde ein offiser meg kvar eg kom frå. Norwegen, sa eg. Så visste det seg at han hadde tenestegjort i Norge, og kunne ganske godt norsk. Han forklarte min versjon til dei andre. Offiseren som hadde beordra batteriet sett på plass blei send til austfornten. Han kom att etter nokre månader, det var så vidt vi kjende han att, fortel Hansen.

Juletre på Galgebakken

I Sachsenhausen sat Hansen saman med fangar som i åra etter krigen kom til å setje sitt preg på landet, mellom dei Einar Gerhardsen, Kristian Ottosen og Arnulf Øverland.

— Øverland skreiv stadig dikt og forteljingar han skulle lese for oss. Han gjorde det nok for å halde motet oppe, men ofte var vi ikkje så glade for det. Men eg hugsar eit dikt han skreiv. Det var julekvelden. Tyskarane hadde sett opp eit juletre, av alle ting der galgen stod. Øverland hadde laga eit dikt. Det heitte «Et juletre tent på Galgebakken». Då skal eg seie det var stille på brakka.

Magne Hansen var med den siste kvite bussen ut frå Sachenshausen. Eller vekk frå helvetet, som han sjølv skreiv i eit innlegg i lokalavisa tidlegare i haust.

At han 60 år seinare fekk vite at han kunne få oppreisning, skjedde heilt tilfeldig.

— Ein eller annan fortalde at dei hadde høyrt om det på radio. Eg tok kontakt meg Tysklandsfangers Forening i Bergen. Beskjeden eg fekk var at det neppe var hjelp i å søkje.

Men krigsfangen gav seg ikkje, og kontakta lensmannen i Høyanger. Der, og på folkebiblioteket, fekk han hjelp. Søknaden blei sendt for meir enn to år sidan. Då svaret kom var det like før det enda i bosset.

— Det var poststempla i Detroit. Eg trudde det var nokon som skulle selje lodd eller tigge pengar, så eg ba kontordama kaste det. Men ho opna det, og der låg sjekken, ler Hansen.

<b>SLAVEARBEIDAR:</b> Magne Hansen har fått maksimal erstatning for slavearbeid under andre verdskrigen. Han er ein av 1046 nordmenn som har fått gjennomslag for erstatning snart 60 år etter at krigen var slutt.
Oddleiv Apneseth