Bergensbedrifta CUPP Computing vart i dag heidra med Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2010.

Oppfinninga dei fekk prisen for kan redusere straumforbruket i datamaskiner med opptil 90 prosent. Juryen beskriv ho som revolusjonerande, og spår at ho vil kunne få store konsekvensar for datamaskinmarknaden.

To veker utan lading

– Batteria i berbare PC-ar vil kunna brukast ein til to veker mellom kvar lading, og straumforbruket i serverer og stasjonære maskinar vil verta dramatisk redusert, heiter det i pressemeldinga frå fylkeskommunen.

Prisen, som er på 75.000 kronar, diplom og blomster, vart delt ut av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen under fylkestinget sitt møte i Bergen tysdag.

– CUPP Computing AS har, med avgrensa ressursar, vist ei imponerande evne til å utvikla banebrytande teknologi i ein bransje som er kjenneteikna av skarp konkurranse og store internasjonale aktørar, sa fylkesvaraordføraren ved tildelinga.

Bak oppfinninga står Kevin McDonnell, Omar Ely, Andrew Keenan, Ove Daae Lampe og Carl Fredrik Joys.

Bergenser fekk heiderleg omtale

Oppfinnarprisen vart delt ut for første gong i 1993. 17 år tok det før ei kvinne fekk heiderleg omtale.

Britt Helle Aarskog står bak oppfinninga TextUrgy, ein programvare som realiserer avanserte semantiske reiskapar for utforsking av tekst. Med programvara kan ein søkja i teksten basert på meiningsinnhald, ikkje berre på ord.

Også Rune Fjellandsbø og Frank Johnsen fekk heiderleg omtale for sitt unike produkt Fix and Quick. Dette er eit patentert verktøy til bruk ved innsetjing av vindauge og dører.

12 kandidatar

I år var det 12 kandidatar som melde si oppfinning på i konkurransen.

– Mange av desse var svært gode oppfinningar, men vil vere meir eigna til å motta oppfinnarprisen om nokre år når oppfinninga har teke større steg mot ein marknad, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

Hordaland fylkeskommune