— Idet eg skulle til å tenna på, tok eg fingeren borti kubben, men støkk til då kubben brått slo opp to store gule augo, humrar Kåre.

Då det gjekk opp for han at det var ei ugle som låg og sov i peisen hans, ropte han på kona Gudrun, som kom springande til.

— Etter kvart var ugla i full vigør, så me fann ut det var sikrast at Kåre tok på seg hanskar. Heldigvis var han heime, for eg hadde ikkje tort å ta i henne sjølv, seier Gudrun.

I fin form

Gudrun var rask på avtrekkjaren og fekk knipsa eit bilde av fuglen før Kåre tok ugla ut av peisen.

— Heldigvis hadde eg nokre bilde igjen i kameraet mitt, for utan dokumentasjon ville nok ingen trudd oss, ler Gudrun.

Då bildet var sikra, tok Kåre forsiktig tak rundt ugla og løfta henne opp.

— Eg bar henne ut på trappa, og løyste roleg på grepet mitt. Me frykta at vengene var skadde, men det gjekk ikkje mange sekunda før ho flaug av garde i så stor fart at sotrøyken stod etter henne, fortel Kåre.

Ekteparet, som bur i Åsane, forstår ikkje korleis ugla har kome seg inn i peisen deira.

— Skorsteinen vår har berre ei lita opning, og pipa er veldig smal. Pipa går heilt ned i kjellaren, så ho må ha falle ned dit først, for så å klatra opp i peisen i andre etasje etterpå. Det er heilt utruleg, seier dei.

Søv på pipekanten

Ifølgje ornitolog Frode Falkenberg er det faktisk ikkje så uvanleg at ugler dett ned i piper.

— Dei sit ofte på pipekanten og søv på dagtid. Dette gjer dei gjerne for å gøyma seg for andre fuglar. Ugler blir nemleg ofte mobba av andre fuglar når dei søv, fortel Falkenberg.

Ugla kan også ha vore på jakt etter reirplass, for ugler hekkar ofte i hulrom. Falkenberg seier vidare at ugla må ha kome seg opp pipa og inn i peisen i andre etasje ved hjelp av klørne sine.

Ifølgje Falkenberg er dei færraste uglene like heldige som denne.

— Dei fleste stryk med når dei forvillar seg nedi ei pipe. Så det var bra at ugla blei oppdaga og tatt hand om så kjapt, seier han.

Ekteparet Undal er no ei god historie rikare, og er glade for at ugla klarte seg.

— Heldigvis enda det bra til slutt. Me får tru ho har lært no, seier dei.

SLAPP MED SKREKKEN: Utstyrt med hanskar klarte Kåre Undal å få kattugla ut av peisen, og ut i fri luft. Utruleg nok var ugla i fin form.

FOTO: PRIVAT