• Kjende det var tungt å dra opp. Først såg eg hovudet på den eine, må seia eg vart litt forskrekka då eg såg det var ein kar til, seier Johannes Helland til Nordhordland.

— Det var måndag ettermiddag sauebonden frå Hellandneset var ute for å trekkja opp ålerusa han hadde ståande i Hallandsvatnet. Han kjende det var tungt å dra, og fekk seg ein skikkeleg støkk då eit oterhovud dukka opp.

— Endå meir forskrekka vart eg då nummer to dukka opp heilt inne i rusa, fortel han og viser fram dei to blanke, smidige kroppane på ti-elleve kilo, fortel han til avisa Norhordland.

— Har opplevd å få oter i rusa før, men aldri to på ein gong. Forstår heller ikkje korleis den eine har klart å krangla seg heilt inn i det innerste kammeret.

Helland fortel til NordHordland at han og fann ein ål i rusa og trur det var den som hadde lokka oterane inn. No er begge to sendt til utstopping.

Oteren er eit nattdyr som sjeldan viser seg på dagen.