• EKSOTISK OG UØNSKT: Her er fisken Henrik Kristoffer Løland drog opp av Sæbøtjørna. Fisken, ein koi, må vere sett ut i tjørna.

    FOTO: LARS ANDERS BORLAUG

Fekk oransje fisk

I eit tjørn midt i Høyanger sentrum fekk Henrik Kristoffer Løland ein fisk han aldri har fått på kroken før. Opp frå vatnet drog han ein to kilo tung oransje koi.

- Eg har verken fått eller sett ein slik fisk før. Sjølv ante eg ikkje kva art det var, seier den unge sportsfiskaren.

Det gjer derimot forskar Otte Bjelland ved Havforskingsinstituttet. Etter å ha sett bilete av fisken trur han det dreiar seg om ein koi. Dett er ein karpefisk som har blitt svært populær å ha i dammar over heile verda.

- Japanarane har avla på denne fisken i fleire år for å få han i så mange fargevariantar som råd, seier forskaren.

Sette han ut att

Under Gråberget i Høyanger sentrum ligg Sæbøtjørna. Normalt sett er aure det einaste som går å fiske på her. Men i vår har rykta gått om at meir eksotiske artar skal symje rundt på djupet. Saman med nokre kameratar tok Løland med seg fiskestonga for å sjå om dei ville bite.

- Dei er så fargesterke at dei er enkle å sjå i vatnet. Eg brukte ei flugestong med ei nymfe som agn, fortel Løland.

Og ein av den oransje sorten let seg lokke. Opp av Sæbøtjørna drog Løland ein kring 40 cm lang og to kilo tung fisk.

- Eg visste ikkje kva eg skulle gjere med han. Så eg sette han ut att, seier Løland.

Kan bli meldt

Ifølgje Løland og kameratane går det i alle fall fire slike fiskar i tjørna. Tre er oransje og ein er knall gul.

- Men det kan jo vere fleire der. Sæbøtjørna er ganske stor.

Ifølgje rykte skal ein person ha sett ut fire fiskar for ein knapp månad sidan.

Nestleiar for miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen, Gøsta Hagenlund, seier til NRK Sogn og Fjordane at det er sjeldan at dei får inn denne typen saker. Han ser ikkje bort frå at det kan få konsekvensar:

– Vi kjenner ikkje til korleis framande artar verkar i norsk natur, dei kan ha med seg sjukdommar eller parasittar. I utgangspunktet er denne typen utsetjing ulovleg og kan føre til staffemessige reaksjonar.

Prøv med loff

Havforskar Bjelland seier slik utsetjing av framande artar kan få store konsekvensar.

- Dette kan gå verkeleg gale om det er artar som trivst under våre forhold. På Austlandet har ein sort som heiter solabbor teke over mange vatn.

- Vil koi kunne klare seg i eit ferskvatn på våre breiddegrader?

- Ja, eg trur nok at det i alle fall på Vestlandet vil vere levelege forhold for dei. Om tjørna ikkje frys til botnar, ligg vasstemperaturen under isen ligg på fire grader om vinteren. Og det klarer dei.

Den eine koien var den einaste som viste interesse for agnet til Henrik Kristoffer Løland. Dei andre dei prøvde å fiske på i tjørna var heilt uinteresserte. Otte Bjelland har eit godt råd for dei som vil prøve fiskelukka:

- Ein krok med litt loff på kan vere eit godt alternativ.

 

Les også

Siste fra Lokalt

o Mann tatt for eldreran i Loddefjord

Politiet har pågrepet en mann i 20-årene, mistenkt for å ha ranet og skadet en eldre dame i hennes hjem i Loddefjord.

«Jeg har skrevet brev
til enken, men har ikke
hatt nerver til å gi det»

31-åring som er tiltalt for bildrap gråt da han forklarte seg i retten.

Dødsfallet på danskebåten
blir overtatt av dansk politi

20-åringen fra Nordhordland ble funnet død på danskebåten ved ankomst Bergen. Men etterforskningen av saken hører hjemme i Danmark.

Mann uten adresse
sendte 687.000 kr
kroner ut av landet

Den narkodømte mannen sendte ut 687.000 kroner fra Bergen til personer i utlandet. Han kan ha bodd på Paradis.

o Fergesambandet Jondal-Tørvikbygd ute av drift

Fergesambandet Tørvikbygd-Jondal er ute av drift. Det kan gå flere timer.

- Det har ikke gått
bra for oss, dette

Det skulle kostet 55 millioner. Nå har Jernbaneverket beregnet ombyggingen av Voss stasjon til 344 millioner. Prosjektlederen fikk sparken, og staten nekter å betale mer.

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker